Vil ha betre busstilbod på Haugalandet

Bilete av Bjørn Gunnar Husby, Trygve Egge og Bjarte Espeland Horpestad
Ordførarkandidatane til Venstre på Haugalandet, Bjørn Gunnar Husby (Haugesund), Trygve Egge (Tysvær) og Bjarte Espeland Horpestad (Karmøy), Foto: Svein Abrahamsen

Venstre sine lokale ordførarkandidatar på Haugalandet går no saman om å tenkje nytt om busstilbodet, inspirert av gratis buss og hyppige avgangar i Stavanger og Nord-Jæren. Trygve Egge frå Tysvær, Bjarte Espeland Horpestad frå Karmøy, og Bjørn Gunnar Husby frå Haugesund vil at kommunane skal gå saman etter valet for å få til eit betre busstilbod på Haugalandet.

Venstre-laga på Haugalandet vil ha fleire bussavgangar. Dei vil ha en bybuss mellom Aksdal og Haugesund kvart 15. minutt. I tillegg vil dei ha ein ny ringbuss gjennom T-forbindelsen, som skal gå mellom Aksdal og Mjåsund, via Håvik til Haugesund sentrum. Vidare vil dei ha HentMeg-ordninga, som dei har i Sauda, i delar av kommunane kor det bur for lite folk til å ha faste bussruter.

Venstre-laga på Haugalandet vil også ha lågare pris på buss. Venstre vil at heim-jobb-heim-ordninga skal gjelde på Haugalandet og ikkje berre på Nord-Jæren. Dermed vil tilsette i bedriftene som er med i ordninga kunne kjøpa månadskort til 555 kroner heller enn til 630 kroner som i dag. Dei tre ordførarkandidatane vil også jobbe for å utvida tilbodet om 15-kronersbussen, som dei har i Haugesund, til å gjelda på heile Haugalandet. Samstundes vil dei at ungdomskortet skal gi ungdommane gratis reise på Kystbussen mellom Haugesund og Stavanger.

Ordførarkandidat for Tysvær Venstre, Trygve Egge, har jobba lenge for eit betre busstilbod på Haugalandet. -Det er viktig for oss i Tysvær Venstre å få til hyppigare avgangar med ein bybuss kvart 15. minutt frå Aksdal til Haugesund, seier han. Dette er ein strekning kor mange reiser og kor bussen må gå oftare enn i dag for å vera et reelt alternativ til bruk av privatbil.

Karmøy Venstre sin ordførarkandidat, Bjarte Espeland Horpestad, ser på det som viktig å få til en ringbuss gjennom T-forbindelsen. -Det er veldig rart at det ikkje for lengst er på plass eit busstilbod gjennom T-forbindelsen, seier han. Eit slikt tilbod vil knyte kommunane på Haugalandet tettare saman som felles bu- og arbeidsmarknad, slik at folk lettare kan bu i ein kommune og jobba i en annan.

Bjørn Gunnar Husby, Haugesund Venstre sin ordførarkandidat, viser til det er viktig med eit betre busstilbod på Haugalandet for å nå dei lokale måla våre om kutt i klimautslepp. Han viser til at bybussen i Haugesund til 15 kroner i staden for 42 kroner gjer at mange fleire tek buss no enn tidlegare. Dette bør prøvast ut i nabokommunane også, meiner han.