Økonomisk står Bjørnafjorden kommune på kanten av eit stup og kikkar ned i ROBEK-avgrunnen

Morten Søfteland, Sveinung Rotevatn og Linda Bolstad Strønen ved Luranetunet i Os
Sveinung Rotevatn og Bjørnafjorden Vesntre sin 2. kandidat Linda Bolstad Strønen har besøkt hovedtillitsvald i Norsk sykepleierforbund Morten Søfteland på Luranetunet i Os., Foto: Bjørnafjorden Venstre

Økonomisk står Bjørnafjorden kommune på kanten av eit stup og kikkar ned i ROBEK-avgrunnen. At vi ikkje skal ned dit, er det politisk einigheit om. Eitt av verkemidla for å hindre fallet er kraftige innsparingstiltak. Innanfor helse og omsorg skal det sparast inn nærare 100 millionar kroner.

At pengebruken må ned, er alle samde om. Det er også logisk at det er i dei største budsjettpostane og på dei største tenesteområda at det er pengar å spare. Helse og velferd er den nest største budsjettposten i kommunen. Samtidig er det også grunn til å vere varsam når ein kuttar i nettopp denne sektoren. Ein må vere trygg på at dei tiltaka ein gjer, er forsvarlege, ikkje berre reint økonomisk, men også overfor brukarane, dei pårørande og dei tilsette. 

Då PwC utarbeidde sin rapport for å foreslå innsparingstiltak, gjorde dei ikkje greie for kvaliteten i tenestene i samanlikninga med andre kommunar. Tiltaka vart heller ikkje konsekvensutgreidde. Ei anna svakheit er at PwC for dei ulike kuttforslaga har teke talgrunnlag for kortare periodar (eksempelvis einskilde veker), gjort dette til årstal og samanlikna med historisk kostnad for å sjå kva innsparingseffekten er. Vesentleg for å nytte ein slik metode er at det talgrunnlaget faktisk representerer ein periode med normal aktivitet. Det er ikke tilfelle for alle tiltaka. For kuttforslaga i heimetenesta baserte PwC seg på den rolegaste veka i heile 2022. Dersom dette er tilfelle for fleire av tenesteområda, er det ikkje lenger tale om å kutte heilt inn til beinet. Ein risikerer å kutte beinet tvert av. 

For folk flest er det ein naturleg tanke at kostnader først kjem når ein bruker pengar. Reduserer ein det ein brukar pengar på, så sparar ein. Logisk, ikkje sant? I heimen kan vi til dømes velje å byte ut dyrare matvarer med billigare, endre matvanar, ta kortare dusjar, kjøpe billigare sjampo og la vere å kjøpe nye pyntegjenstandar til vindaugskarmen osv. Pengane er sparte.

Slik er det ikkje når det er ein kommunal tenestegivar som skal spare inn på lovpålagde oppgåver. Når kommunen «sparar» pengar innanfor helse og omsorg, kan det fort vere nokon andre som må bere kostnadene: 

  • Brukarane, som kan få dårlegare tenestetilbod
  • Dei tilsette, som med færre hender må løyse dei same oppgåvene 
  • Pårørande, som må ta ein større del av omsorgsarbeidet

Bjørnafjorden Venstre fryktar at fleire av innsparingstiltaka – og ikkje minst framgangsmåten for innføringa av dei – er som å pisse i buksa for å halde seg varm. Mange av tiltaka som er foreslått, er som nemnt ikkje konsekvensutgreidde, dei er kortsiktige, og dei behandlar i mange tilfelle symptoma – ikkje årsaka. 

Til dømes kuttar ein bruken av vikarar fleire stader tvert, sjølv om sjukdomsfråværet blant dei tilsette er det same (om ikkje høgre) – eit sjukefråvær som allereie er svært høgt: heile 13 prosent, kan vi lese i varsku-innlegget frå hovudtillitsvald for Norsk Sykepleierforbund i Bjørnafjorden kommune, Morten Søfteland. Dette bidreg til større belastning på dei tilsette som er att, redusert kvalitetssikring av f.eks. medisinering og at brukarar må vente lenger på omsorg og behandling. Tilsette som må gjere meir arbeid på kortare tid, blir pressa frå alle kantar og blir sjølv utmatta og sjuke. Trivselen går ned, og med kortare reiseveg til Bergen er risikoen stor for at kommunen mister dyktige og arbeidsame tilsette til Bergen – eller i verste fall forlèt yrket for godt.

Vi i Bjørnafjorden Venstre vil jobbe for at Bjørnafjorden skal vere ein god plass å bu og arbeide. Då må vi sikre at dei største tenesteområda i kommunen er trygge og gode både for dei som treng dei, og for dei som faktisk utfører dei – «fotfolket».

Ane-Ingeborg Bakken-Simsø, 4. kandidat Bjørnafjorden Venstre

Ein av «medisinane» som vi høyrer at kommunen no brukar for å redusere kostnadane i helse- og omsorgssektoren, er auka bruk av korttidsvakter. Vaktlistene vert sette opp med mål om grunnbemanning og å auke bemanninga dei timane då det er størst påtrykk. Frå eit økonomisk synspunkt er dette lurt – i alle fall på kort sikt. Men for dei tilsette inneber det at dei må jobbe mange korte vakter for å fylle stillingsprosenten sin, og slik sett få fleire oppmøter og arbeidsdagar. Eller at deltidstilsette må jobbe kvar dag og ha like mange oppmøte på arbeid som ein fulltidstilsett. Auka bruk av korttidsvakter er eit skritt tilbake i tid. Vi ynskjer oss ikkje tilbake til ordningar der sjukepleiarane arbeida ei 3-4-timars økt om morgonen, for deretter å ha nokre timar fri midt på dagen, for så å måtte møte på jobb igjen på ettermiddagen same dag.

Sjølv om det frå eit driftsøkonomisk perspektiv er lurt å ha folk i aktivitet i dei mest travle timane, er kostnaden at dei tilsette må jobbe under sterkt press heile tida, uten ordentleg moglegheit til å hente seg inn att mellom vaktene. Utover at dei utmattar dei tilsette, er korttidsvakter vanskelege å kombinere med familieliv og sosialt liv og gir dermed redusert livskvalitet – både for dei tilsette og for deira familiar. Denne «optimaliseringa» skjer dermed utelukkande på bekostning av dei tilsette. 

Innsparingstiltaka inneber då ein dobbel negativ effekt: Først utarmar vi vår eiga arbeidskraft, og sidan behovet for tenestene er relativt stabilt (om ikkje aukande), kan kommunen fort ende med å bruke meir pengar på å erstatte den med vikartimar.  

Vi i Bjørnafjorden Venstre vil jobbe for at Bjørnafjorden skal vere ein god plass å bu og arbeide. Då må vi sikre at dei største tenesteområda i kommunen er trygge og gode både for dei som treng dei, og for dei som faktisk utfører dei – «fotfolket». 

Med den nye vegen til Bergen er gjerdet over til nabokommuna blitt lågare. Vi i Bjørnafjorden Venstre vil jobbe hardt for å vatne og gjødsle vår eigen plen slik at graset er grønast på vår side av gjerdet. 

Dette vil vi gjere mellom anna ved å jobbe for å

  • redusere bruk av korttidsvakter og auke heiltid
  • innføre sjukemeldingsforebyggjande tiltak
  • betre oppgåvedelinga og sikre reell moglegheit til kvalitetssikring
  • sikre fagleg kompetanse hos dei tilsette

Vi i Bjørnafjorden Venstre meiner at kommunen må tenkje langsiktig og vurdere konsekvensane nøye når det skal kuttast i helse- og omsorgssektoren. Sjølv om også denne posten må krympast i kommunebudsjettet, er det viktig å lytte til fagorganisasjonane og dei tilsette før ein gjer tiltak. 

Med sommarferien like bak oss minner vi om sikkerheitsinstruksen på fly: Ta på deg di eiga maske før du hjelper andre med si. Tek vi ikkje vare på dei tilsette i helse- og omsorgssektoren, blir det også vanskelegare for dei å hjelpe oss når vi treng det.

Ane-Ingeborg Bakken-Simsø
4. kandidat for Bjørnafjorden Venstre

Linda Bolstad Strønen
2. kandidat for Bjørnafjorden Venstre