Kven har bruk for min kompetanse?

Kvinnherad kommune er ein distriktskommune til liks med mange andre og vi har hatt stabilt folketal dei siste 20 åra, men ikkje auka; slik som til dømes Stord og Bømlo. Kvinnherad konkurrerer som ein i ei lang rekke når vi vil få unge menneske til å velja akkurat oss. Vi kan lika det eller ikkje, men når unge skal velja kor dei vil busetja seg så er det for få som har oss som førstevalg. Det vil Kvinnherad Venstre gjera noko med!

Unge menneske, som er nyutdanna og klare til å delta i samfunnet, reiser dit det er arbeid å få, og med utdanning vil flest velja arbeidsplassar der dei får bruka kompetansen sin og ha ei løn å leva av.

 

Kvinnherad har eit stort fortrinn samanlikna med mange andre og det er at vi har ein stor kompetansearbeidsplass i kommunen vår. Ein av dei største arbeidsplassane i Kvinnherad er Helse Fonna HF, med Valen sjukehus og Folgefonn DPS. Det er ein arbeidsplass som både har og treng høg kompetanse. Arbeid i sjukehus er krevjande, givande og gir mange muligheiter til å bruka kompetanse og arbeida i eit sterkt og godt fagmiljø.

I dag har meir enn 250 personar sin arbeidsplass der. Sjukehuset er ein arbeidsplass der ein treng tilsette med fagutdanning, høgskule og universitetsutdanning – med helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, legar og psykologar – i tillegg til merkantilt og teknisk tilsette.

Dette er ein arbeidsplass Kvinnherad treng for at unge skal velja å bu her. Mange unge frå Kvinnherad satsar på ei utdanning innan helsefag etter å ha vore feirevikarar på Valen sjukehus. Jobben for kommunen må vera å få desse til å velja oss framfor andre kommunar i distriktet vårt, at dei kjem heim med utdanninga si og er klare for arbeidslivet.

Helsepersonell vert ein ettertrakta ressurs i åra som kjem, både i spesialisthelsetenesta og i kommunane. Kvinnherad er så heldige at vi er vertskommune for eit sentralsjukehus, og dette er og har vore ein stor ressurs for kommunen med tanke på at sjukehuset også er ein utdanningsinstitusjon for helsepersonell og difor ein viktig ressurs for å rekruttera helsepersonell hit.

Frå etableringa i 1910 og fram til no har det vore mange endringar – og i dag er infrastruktur, behandlingstilbod og tilsette med rett kompetanse nøkkelfaktorane i moderne sjukehusdrift. Då treng vi politikarar som forstår kor viktige desse arbeidsplassane er for Kvinnherad kommune.

Kvinnherad Venstre vil kjempa for det vi kan vera med å påverka:

  • Betra kommunikasjonen for fastlandskommunen Kvinnherad gjennom til dømes Sunnfast.
  • Trygge gang- og sykkelstiar til og omkring regionsenteret Husnes.
  • Gode rutetilbod i regionen og nok areal til bustadbygging.
  • Gode skular, nok barnehageplassar, kulturskuletilbod og eit aktivt lags – og organisasjonsliv.

Alt dette kan hjelpa til for at unge skal sjå at vi er ein vital og offensiv kommune, ein stad med aktivt næringsliv og gode fritidstilbod.

Slik at det vert lettare å seie for både for Kvinnherad kommune, Helse Fonna HF og unge utdanna: Eg velgjer Kvinnherad, der har dei bruk for både hovudet, hendene og hjarta mitt.