Dyr har eigenverdi

Katten Bjørk heiar på obligatorisk ID-merking., Foto: Annika Brandal
Venstre ynskjer obligatorisk ID-merking av kattar. Bjørk (bildet) heiar på Venstre!

Det er kommune- og fylkestingsval i år. Og dei firbeinte får nok ikkje vere med å påverke valet. Dei veit vi.
Akkurat denne saka kan heller ikkje avgjerast i kommunane. Men vi kan – og skal – ha fokus på god dyrevelferd både i kommunane og på nasjonalt plan! Difor meiner vi i Hareid Venstre det er viktig å løfte fram også dei firbeinte, i lokalvalet. Det er vi som skal ta vare på dei som ikkje kan røyste sjølv. Som dyra, naturen og dei unge. Og i dag er altså fokuset vårt på dyra!
Kvart år treng kring 6000 familiedyr hjelp frå Dyrebeskyttelsen Norge. Dei fleste av dei er kattar. Mange av dei er ikkje ID-merka, og sjølv om dei då har ein heim, vert det vanskleg å gjenforene dei med eigar. I staden vert dei omplassert.
Dyr har ein eigenverdi, og vi må ta vare på dei. Ved å innføre obligatorisk ID-merking, vil fleire kome heim til eigar, og ressursane til Dyrebeskyttelsen og andre frivillige organisasjonar kan brukes på dyra som er heimlause. Forhåpentligvis vil også det bli stadig færre av det!
Stem Venstre du også. For dyra.
Hareid Venstre
Annika Brandal, ordførarkandidat