Venstre krev innsyn i havvind-saker

Alfred Bjørlo ved fjorden
"Det er uakseptabelt at regjeringen vil nekte fiskerinæringen og andre interessenter innsyn i saker om tildeling av konsesjoner for vindkraft til havs," sier Alfred Bjørlo. Han er tydelig på at dette kan få alvorlige konsekvenser for Norges ambisjoner om å bli en global leder innen havvind. (Foto: Helle Frogner)

– Det er uakseptabelt at regjeringa vil nekte fiskerinæringa og andre interessentar innsyn i saker om tildeling av konsesjonar for vindkraft til havs. Dette er å bruke startskotet for norsk havvindsatsing til å skyte seg sjølv i foten. Venstre stiller seg fullt og heilt bak fiskerinæringa sitt krav om innsyn i havvind-saker – den gamle Ap-kulturen med hemmeleghald og beslutningar bak lukka dører må røskast opp i.

Det seier Venstres næringspolitiske talsperson, Alfred Bjørlo, som i dag har stilt Fiskeri- og havministeren følgande skriftlege spørsmål som Stortinget må få svar på innan 6 dagar:

Vil Fiskeri- og havministeren sørge for at fiskerinæringa og andre får innsyn på normal måte i tråd med offentleglova i saker om prekvalifisering og tildelingar av prosjektområde for vindkraft til havs, og er statsråden som øvste ansvarleg for norsk havpolitikk samd i at ei rask avklaring av at ein skal følgje vanlege demokratiske spelereglar, er svært viktig for legitimiteten i heile det vidare arbeidet med offshore vindkraft i Noreg?

Bakgrunn:

  • Olje- og energidepartementet har foreslått å innskrenke innsynsretten i komande saker om prekvalifisering og tildelingar av prosjektområde for vindkraft til havs Grunngivinga til departementet er at det er arbeidskrevjande å gå gjennom alle dokumenta, og at dei vil innehalde store mengder opplysningar som er hemmelege. Det gjer at det vil vere ressurskrevjande å vurdere eventuelle unntak for resten av dokumenta.
  • For Venstre framstår dette som eit syltynt grunnlag for å innskrenke ålmenta sin innsynsrett i staten sine affærer, ikkje minst i ei sak som er så omfattande, prinsipielt viktig og med så store potensielle økonomiske konsekvensar som prosessane knytt til bruk av havområde til utbygging av offshore vindkraft vs vern og/eller bruk til anna næringsføremål.
  • Uansett kva syn ein har på offshore vindkraft, er det i alle si interesse at dei prosessane vi no skal gjennom er opne, transparente og gir viktige andre aktørar i havområda som fiskerinæringa høve til å få innsyn og gi viktige innspel undervegs i prosessen.

Sjå Skriftlig spørsmål – stortinget.no