Jacob Nødseth ny hovudutvalsleiar for kultur, idrett og inkludering i Vestland

Jacob Nødseth frå Kinn Venstre er vald som hovudutvalsleiar for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune. Han blir dermed politikar nesten på heiltid, og del av fylkeskommunen si politiske leiing.

Gruppeleleiar og medlem av fylkesutvalet er Åsta Årøen. Marius Hellan Hindenes er medlem av næringsutvalet. Åsta er også medlem av opplæringsutvalet.
Jacob er vara for Åsta i fylkesutvalet mv.

Sjølv om alle desse har mangfaldig politisk erfaring, er det første gang for alle desse tre at dei er fast medlem av fylkestinget. Vi ynskjer dei alle tre lukke til med nye og spanande oppgåver for heile Vestland.

Ta gjerne kontakt med våre folk i fylkestinget!

Jacob Nødseth saman med fylkesordførar Jon Askeland (Sp) under konstituerande fylkesting 17. og 18. oktober 2023.
Venstre har inngått samarbeidsavtale med partia Ap, Sp, SV Krf og MDG – dei same partia som styrte fylkeskommunen 2019-2023.