Fråsegn fra årsmøte: Vern av Osmarka

Illustrasjon: Venstre

Naturen i nærområda våre er i ferd med å bli utbygd, oppstykka og fjerna som rekreasjonsområde og grøne lunger. «Berre litt til kan ikkje skada», seier ein. Men små og tilsynelatande harmlause inngrep summerer seg til utilsikta omfattande nedbygging av natur. Det ser vi døme på over heile landet.

Osmarka frå Sveo til Tøsdal er eit sentrumsnært område med eit mangfald av plantar og dyr og med nærleik til Oselvvassdraget. Her kan òg menneska nyta av naturen og driva med miljøvennlege aktivitetar – og slik må vi sikra at Osmarka blir verande. Bjørnafjorden Venstre meiner at dette må sikrast no. Vi ønskjer eit vern av dei delane av Osmarka som enno ikkje er nedbygde.

Bjørnafjorden Venstre oppmodar dei andre politiske partia og kommuneadministrasjonen til å bli med og setja i gang arbeidet for vern no.