Edvard Iversen ny lokallagsleiar

Fredag 9. februar var det årsmøte i Kinn Venstre, med besøk frå både fylkesleiar/fylkestingsgruppeleiar Åsta Årøen og stortingsrepresentant Alfred Bjørlo.

Edvard Iversen og Nikolai Valvik vart vald som ny leiar og nestleiar. Med seg i styret har dei Eskil Smelvær, Silje Jansen Nybø, Cecilie Eikefjord Udberg-Helle, Anne Marit Seljeseth og Malvin Horne.

Hilmar Eliasson takka av som lokallagsleiar, men er framleis med som observatør med tale og forslagsrett.