Uttale: Formuesskatten på arbeidande kapital må fjernast

Foto: Pixabay

Formueskatt på arbeidande kapital fører med seg ei rekke uheldige konsekvensar, og det stadig aukande skattetrykket på norskeigde bedrifter skaper utfordringar for mange.

Politisk uttale frå årsmøtet i Møre og Romsdal Venstre 3. mars 2024

Formueskatt på arbeidande kapital er ein skatt som påleggast verdien av eigendelar som er bunde i verksemda, som for eksempel utstyr, maskiner, inventar og liknande. Også verdien av næringseigedom vert rekna inn her. Skatten vert kravd inn uavhengig av overskot eller underskot i bedrifta. Utanlandske og statlege eigarar betalar ikkje formueskatt på arbeidande kapital. Dette gir ulike konkurransevilkår og medfører at norske bedrifter i aukande grad blir seld til utanlandske eigarar.

Spesielt er det eigarane av små og mellomstore bedriftene som ofte må betale ein betydeleg sum i formuesskatt, sjølv når dei ikkje har tilstrekkeleg likviditet til å dekke dette. Vidare kan formueskatten påverke eigarane sine insentiv – og moglegheiter – til å reinvestere i bedrifta, då dei kan verte nøydd å ta ut midlar frå bedrifta for å betale skatten i staden for å kunne investere i vidare vekst og utvikling.

Formueskatten hemmar gründerskap og innovasjon i nye selskap, då det vert færre som har moglegheit å vere investorar, samtidig som ein blir skattlagt for verdi i ei bedrift før ein byrjar å tene pengar. Kapital for investering og nyskaping forsvinn, og det same gjer kompetansen.

For at Noreg skal kunne nå sine klima- og berekraftsmål, må vi spele på lag med næringslivet. Då treng næringslivet gode rammevilkår. I staden opplever dei at formueskatten på arbeidande kapital reduserer den eigenkapitalen som bedriftene er avhengig av for å skaffe finansiering til dei nødvendige investeringane.

Noreg tapar skatteinntekter på at norske bedrifter vert seld til utanlandske eigarar. Lokale eigarar gir ei større tryggheit for at arbeidsplassane vert verande i Noreg, og det er også viktig for frivillige lag og organisasjonar å ha eit lokalt næringsliv som ser verdien av og har moglegheita til å støtte lokale fritidstilbod.

Møre og Romsdal Venstre meiner at formuesskatten på arbeidande kapital må fjernast. Ved å innføre alternative og meir rettferdige og treffsikre tiltak for skattlegging, meiner vi at den samla innteninga til staten kan bli vel så god om ikkje høgare. Til dømes kan ein vurdere å auke selskapsskatten.