Uttale: Stopp nedbygginga av norsk natur, løft blikket!

Foto: Annika Brandal

Tap av naturmangfald på grunn av utbygging og inngrep er ei av dei største utfordringane i verda. Vi står i ei naturkrise.

Politisk uttale frå årsmøtet i Møre og Romsdal Venstre 3. mars 2024

NRK har nyleg kartlagt 44.000 små og større naturinngrep i Noreg – på berre fem år. Kvar for seg er dei ikkje nødvendigvis så omfattande. Men kven ser heilskapen? Det er også fleire kommunar som har utdaterte arealplanar, og då kan det bli lett å ty til dispensasjonar.

Resultatet er at fleire dyre- og planteartar og naturtypar er truga. Dette gjeld både på land og i sjø. Det største trugsmålet er at leveområda går tapt ved nedbygging eller endra bruk.

Det krev sterke tiltak for å snu denne utviklinga, men det bør ikkje vere nokon motsetnad mellom den lokale sjølvråderetten og målet om å ta vare på naturen. Vi må få mindre nedbygging av natur og vi må restaurera areal som alt er nedbygde.

Då er det viktig at både fagfolk og politikarar får god kunnskap og fokus på arealnøytralitet. Kommunane må prioritere å oppdatere planane sine, og staten må komme med tydelegare
føringar om arealnøytralitet. Bruken av naturen må skje innan ei berekraftig ramme, og meir av den mest verdfulle naturen både i sjø og på land må vernast.

Kommunane har ofte ikkje oversikta som trengs eller verktøya som er naudsynt for å fatte avgjersler som får konsekvensar langt utover eigne kommunegrenser.

Eit berekraftig lokalsamfunn inneber at vi må ta vare på noko av dei aller viktigaste verdiane vi har. Det gjeld å sikre at både noverande og framtidige generasjonar kan nyte godt av dei same verdiane.

Møre og Romsdal Venstre vil ta ansvar for å jobbe aktivt med planar for naturmangfald i våre respektive kommunar.