Venstre løftar kutta i psykiatrien til helseministeren

Bilde av fylkesleiar Annika Brandal og stortingsrepresentant Alfred Bjørlo.
Fylkesleiar Annika Brandal og stortingsrepresentant Alfred Bjørlo. Arkivfoto. , Foto: Møre og Romsdal Venstre

– Det er heilt uakseptabelt at tvangsinnføringa av Helseplattformen i Møre og Romsdal no går ut over dei aller mest sårbare pasientane. Venstre krev at Helseministeren no kjem på bana, og sørgar for at det ikkje blir nedleggingar av tilbod innanfor rus og psykiatri i Møre og Romsdal.

Det seier Venstres fylkesleiar Annika Brandal og Venstres stortingsrepresentant og helsepolitiske talsperson Alfred Bjørlo. Bjørlo har i samarbeid med Stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) i dag sendt følgande skriftlege spørsmål til Helseministeren:

Er Helseministeren enig med Venstre og Møre og Romsdal Arbeiderparti i at dei planlagde kutta i helsetilbod innanfor rus og psykiatri i Møre og Romsdal grunna dei høge kostnadene med tvangsinnføring av Helseplattformen mot Helse Møre og Romsdal si vilje, herunder nedlegging av det einaste tilbodet om medisinfritt behandlingstilbud i Møre og Romsdal, må stoppast, og vil Helseministeren sørge for at desse tilboda ikkje blir lagt ned slik hans eige partifylkeslag krev?

– Folk i Møre og Romsdal er med rette fortvila over å bli offer for stadig nye kutt i helsetilbodet, samtidig som dei styrande partia Ap og Sp kjem med fine ord om å satse på helse. Det som no er på trappene av kutt i Helse Møre og Romsdal er heilt uakseptabelt etter Venstre sitt syn – og dessverre ein konsekvens av vedtak påtvungne frå høgare nivå. Difor må Helseministeren no ta ansvar, og sørge for at viktige tilbod ikkje blir lagt ned før kaoset rundt Helseplattformen er rydda opp i, seier Brandal og Bjørlo.

Helseministeren må svare på spørsmålet innan 6 arbeidsdagar.