Møre og Romsdal Venstre sin delegasjon på Venstres Landsmøte jublar over avgjerda.
– Venstre vil få slutt på at norske eigarar gradvis, år etter år, svekkast i forhold til utanlandske eigarar. Der ein norsk eigar må tappe eiga bedrift for å betale skatt, kan ein utanlandsk bruke desse pengane til investeringar i folk og teknologi, seier Erik Rolfsen, Møre og Romsdal Venstre sin 1. kandidat til stortingsvalet.
Hovudtemaet for Venstres Landsmøte var behandlinga av Venstres stortingsprogram for 2025-2029, og det var her at vedtaket om å fjerne formueskatten blei gjort. Venstre sin næringspolitiske talsperson, Alfred Bjørlo frå nabofylket Sogn og Fjordane, understrekar også betydninga av dette vedtaket.
– Regjeringa har i fire år strupt norsk eigarskap og driv gründerar, kapital og innovasjonskraft ut av landet. Ap&co har svekka industrien vår med sin uføreseielege skattepolitikk, og med det sett både arbeidsplassar og framtida for lokalsamfunn på Vestlandet i fare. Når Venstre no for første gang går inn for at formuesskatten på arbeidande kapital skal fjernast, betyr det enormt mykje for veksten og verdiskapinga på Vestlandet etter haustens val, seier Bjørlo.
Møre og Romsdal Venstre spelte ei aktiv rolle gjennom landsmøtehelga, både i diskusjonar og debattar, i tillegg presentasjon med tale frå 1. kandidat Erik Rolfsen.
Rolfsen peika både på fjerning av formueskatten og viktigheita av at EØS-avtalen består. I tillegg snakka han om ei anna viktig sak, nemleg å stoppe nedbygging av natur.
Fylkesleiar og 2. kandidat Annika Brandal løfta fram behovet for styrking av den maritime kompetansen som ein del av totalforsvaret. Forslaget frå Møre og Romsdal om at Venstre vil bidra til at det maritime næringslivet kan forsterke si innovasjonskraft og posisjon lokalt, nasjonalt og internasjonalt blei også vedtatt i stortingsprogrammet.
Fylkeslaget har elles sett sitt preg på programmet med fleire viktige gjennomslag. Blant dei er:
- Strengare reinsekrav for avløpsanlegg for å hindre overgjødsling av vatn og fjordar.
- Betre dyrevelferd for oppdrettsfisk i tillegg til landbruksdyr.
- Auka tilgang til skuleverkstader for grunnskular.
- Betre rettsvern for pasientar under tvunge psykisk helsevern, med sikring av reell fagleg overprøving av tvangsbruk.
- Styrking av paraidretten, både for breidden og toppen.
Venstres landsmøte vedtok også ein skjerpa politikk på å ta vare på natur og kutte klimautslepp, ein skule med meir vekt på læring og lærarane sine arbeidsvilkår, rusreform for ei betre rusomsorg, å slå ring om EØS-avtalen, stille sterkare opp for Ukraina og koble Noreg endå tettare på Europa i den kritiske tida vi no er inne i.
I delegasjonen frå Møre og Romsdal Venstre:
- Annika Brandal, Hareid, landsstyret, fylkesleiar, 2. kandidat, delegasjonsleiar
- Asgeir Bahre Hansen, Kristiansund, landsstyret, nestleiar fylkesstyret
- Erik Rolfsen, Kristiansund, 1. kandidat stortingslista, kommunestyret Kristiansund
- Pål Farstad, Kristiansund, gruppeleiar fylkestingsgruppa
- Frank Stenløs, Molde, fylkestingsgruppa, gruppeleiar Molde
- Kari Grindvik, Ålesund, fylkestingsgruppa, Ålesund
- Matias Hoem Bjurbeck, Haram, Unge Venstre, kommunestyret Haram
- Fride Sortehaug, Ålesund, kommunestyret Ålesund
- Ragnhild Helseth, Kristiansund, kommunestyret Kristiansund
- Steinar Husby, Sunndal, lokallagsleiar Sunndal
- Jon Grimstad, Ålesund, fylkesstyret