EU diskusjonen har starta

Mandag 31. mars inviterte Hordaland Nei til EU til åpent møte på Odda bibiliotek. Europeisk Ungdom og Ullensvang Venstre stilte også. Det var ein god og sakleg debatt på møtet, med innsiktsfulle meiningar frå deltakarar med ulike ståstader.

 

Guro Fresvik Ullensvang Venstre og Naima Jama frå Europeisk Ungdom vil ha Norge enda nærarare på det Europeiske fellesskapet

 

Spennande å høyre på og diskutere med Naima Jama frå Europeisk Ungdom på møtet. Europeisk Ungdom vart oppretta i 1973 etter folkeavstemninga om norsk EF-medlemskap i 1972. Organisasjonen spelte ei sentral rolle i EU-kampen i 1994 og hadde nesten 10 000 medlemmer på 90-talet. Som ein partipolitisk uavhengig ungdomsorganisasjon arbeider dei for norsk EU-medlemskap og eit samla Europa der demokratiske land samarbeider om felles utfordringar. Dei jobbar òg for å auke kunnskapen blant ungdom om EU og Noreg sitt forhold til Europa.

Ullensvang Venstre meiner at Noreg sine interesser vert best ivaretekne innanfor EU sitt liberale verdifellesskap. Som landets mest offensive ja-parti til EU, står me samla bak dette standpunktet. I ei tid med aukande uro i verda, er det avgjerande med tettare europeisk samarbeid. EU er vår næraste partner for å handtere globale utfordringar som klimaendringar og migrasjon, og samtidig vår viktigaste handelspartnar.

Venstre vil at Noreg skal:

  • Ta plass ved forhandlingsbordet der våre naboland diskuterer felles utfordringar
  • Styrke demokratiet ved å delta i avgjerdsprosessane som uansett påverkar oss
  • Bidra til eit sterkare Europa som kan stå opp mot autoritære krefter

 

Eit EU-medlemskap må sjølvsagt avgjerast gjennom folkeavstemming, og me må sikre gode løysingar på viktige områder som energi, fiskeri og landbruk. Venstre trur på eit ope og utoverretta Noreg som tek aktivt del i det europeiske samarbeidet.

Ullensvang Venstre oppmoder alle til open og kunnskapsbasert debatt om EU-spørsmålet, og me vil sjølvsagt delta aktivt i vidare ordskifte. Fakta og respekt for ulike syn står i framsetet.

Les meir om dei ulike diskusjonane på møtet i Hardanger Folkeblad sin artikkel, her er lenka (for abonnentar)!