Til innhold

Anne Marit Seljeseth

Anne Marit Seljeseth er kommunestyrerepresentant i Kinn frå 2023, og er styremedlem i Kinn Venstre. Ho er fersk i politikken, men har alltid vore engasjert i lokalmiljøet og bidratt gjennom ulikt frivillig arbeid.

Ho er oppvaksen på Fanøya vest av Florø, flytta heim att til Florø i 2011, og jobba då som journalist i lokalavisa. Allereie året etter, vart ho med i styret til Batalden Grendalag. Først som skrivar, deretter nestleiar, før ho i perioden 2016-2018 tok over som leiar. Frå 2018 – 2020 var ho styremedlem, medan ho i 2020-2022 var tilbake i leiarrolla. Viktige saker har i denne perioden vore samferdsle, beredskap og miljøtiltak i distrikta, i tillegg til ulike nærmiljøtiltak.

Anne Marit er også medlem i Norske Kvinners Sanitetsforening, og har site i fylkesstyret som vara. Ho har også vore engasjert gjennom prosjektet Sisterhood då det var utprøvd for første gong i Florø tilbake i 2017.

Anne Marit har ein Bachelor i Digital Medieproduksjon frå Høgskulen i Hedmark (no Høgskulen i Innlandet), men har sidan hausten 2012 jobba ved Florø Ungdomsskule. Ho starta som fagarbeidar og lærar i Medier og informasjon og har sidan tatt Praktisk pedagogisk utdanning og Engelsk ved Høgskulen på Vestlandet medan ho har jobba. Sida 2020 har ho vore tilsett som faglærar i Engelsk, og har undervist i valfag som Fysisk Aktivitet og helse, Medier og informasjon, og Innsats for andre.

I 2020 vart Anne Marit mor for første gong og fekk eit barn til i 2022.

Ho er med i foreldreutvalet ved Havrenes Barnehage og er varamedlem i Fanøyvåg AS.

Med bakgrunn frå skule og arbeid med ungdom, og som småbarnsmor kjem ein ikkje frå at barn og ungdom står hjarte nær og at skule og barnehage blir nokre av hennes viktigaste kjernesaker.