Til innhold

Beate Hannisdal

Beate er busett i Dimmelsvik, og jobbar som kjøkkensjef på Handeland Gard. Ho har vore på lista vår tidlegare, og har denne gongen takka ja til å stå på 4.plass.

Viktige saker i for Beate er samferdsel, skule, frivillig arbeid og inkludering.

Kommunikasjon inn og ut av kommunen og tilfredstillande ferjeruter må prioriterast.

– Om vi skal få opp folketallet må det i framtida være mogleg å bu i Kvinnherad og pendle til jobb på ein enkel og kjapp måte, seier Beate.

Ho meinar at kommunen må satse på dei unge, slik at alle får høve til ei god utdanning. Det er viktig at skulemiljøa er trygge og av god kvalitet, og at skulane ikkje blir for små.

Å sikre god inkludering av alle sammfunnsgrupper bør vektleggjast meir, og særskild på små plassar. Frivilleg arbeid kan vere ein nøkkel til å gjere Kvinnherad betre på dette.

Som kokk er Beate levande opptatt av at barnehageborn, elevar og dei eldre skal ha tilgong på fersk, sunn og frisklaga mat i barnehagane, skulane og instutisjonane. Dette er ikkje enkelt å få til, men ho ønskjer at Venstre skal finne løysingar som femnar flest mogleg i den kommande perioden.

Om du er einig med Beate – Bruk røystesetelen til Venstre og kryss av ved sida av namnet hennar på valdagen 09.september 🙂 Godt val!