Til innhold

Helge Feet

Helge Feet

Eg brenn for dei svake i samfunnet

Varaordførar Helge Feet (1955) er utdanna lækjar og arbeider som fastlege i Gol. Han er gift og har tre vaksne born. Helge Feet er inne i sin tredje periode som medlem i kommunestyret.

Helge Feet er praktisk anlagt og kosar seg med fysisk arbeid på fritida. I si tid vurderte han å studere til arkitekt.

Helge Feet har visjonar. Meir enn ein gong har han teke til orde for eit nærare samarbeid mellom Hallingdal og Valdres. Han ynskjer å sjå dei to dalføra som ein region. Helge Feet har evna til å spissformulere seg.