Til innhold

Iver Flyum-Bjørlo

Iver Flyum-Bjørlo

Stad kommune har ei lys framtid, men då må vi satse på dei unge.

Eg er 19 år og har vekse opp på Bjørlo her i Stad kommune. Frå ung alder har eg vore samfunnsengasjert og nysgjerrig, og eg har alltid vore på jakt etter moglegheiter. Derfor er eg så heldig som har vekse opp på ein plass som Stad som har moglegheiter for alle, uansett om du vil drive gard, spele eller stå på ei scene foran hundrevis av folk.

Eg likar å syngje, spele og lese. Eg er og ganske glad i å krangle og debattere som er derfor eg no studera juss.

Eg stiller til val for alle dei unge som ein dag ønsker å bu i kommunen vår. Det viktigaste vi kan gjere for å ta vare på lokalsamfunnet er å skape ein plass der vi unge har lyst til å bu. Eg og mange av dei som no er borte å studerer ønsker ein dag å flytte tilbake til Stad og stifte familie. Då må vi ha ei bygd med moglegheiter for alle.

Derfor må vi få arbeidsplassar ut til distrikta, vi må satse på dei som vil starte nytenkande bedrifter – og vi må gje folk meir fridom i kvardagen. Det er det Jon Frogner og resten av folka i Venstre jobbar for kvar einaste dag.