Til innhold

Johan Kroken

Jonhan Kroken

Eg er særleg oppteken av at vi framleis skal ha levande bygder over heile Stad kommune.

Eg er 80 år, og kom til Flatraket for 54 år sidan som lærar. Eg er gift med Ingunn, frå Vetrhus. Vi har 3 born og 5 borneborn.

Lengste tida som yrkesaktiv hadde eg i hjørnsteinbedrifta på Flatraket, A/S Fiskevegn, – siste åra som dagleg leiar.

Eg ha vore lokalpolitisk interessert «heile livet», og også fått med meg nokre år som aktiv politikar. Eg var medlem av kommunestyret og formannskapet i Selje i 10 år. Måtte tre ut midt i perioden då eg overtok stillinga som kommunekasserar. Eg var medlem av fylkestinget, fylkesutvalet og undervisningsutvalet i 4 år. Deretter var eg ei periode leiar av fylket sitt kontrollutval.

No er eg særleg oppteken av at vi framleis skal ha levande bygder over heile Stad kommune. Difor vil eg:

  • sikre at barnehagane og skulane ikkje har trusselen om nedlegging hengande over seg framfor kvart budsjettmøte.
  • syte for at det er byggeklare og attraktive bustadtomter i alle krinsane i kommunen.
  • at utleigebustadar vert tilgjengelege også i bygder som ikkje har slik tradisjon.
  • styrke satsinga på heimebasert omsorg og desentraliserte omsorgsbustadar.
  • at vi aktivt legg betre til rette for lag og organisasjonar sitt arbeid, – særleg for barn, unge og pensjonistar.
  • legge til rette for at små bedrifter skal kunne etablere seg i kommunen.