Til innhold

Marilyn Osmundsvåg

Marilyn Osmundsvåg

Eg har eit hjarte for yrkesfag, og brenn for å heve statusen til dei yrkesretta utdanningane!

Mitt namn er Marilyn Osmundsvåg. Eg kjem frå Selje, er gift med Magnar og har tre vaksne søner, ei svigerdotter og eit barnebarn. Eg har ei fortid som frisør og sjølvstendig næringsdrivande, men i 2010 tok eg lærarutdanning, og jobbar i dag som lærar på Eid vidaregåande skule, og underviser i programfaget frisør, blomst, interiør og eksponeringsdesign. Eg har eit hjarte for yrkesfag, og brenn for å heve statusen til dei yrkesretta
utdanningane!

I 2019 fekk eg ein plass i kommunestyre. Det har vore ei ny erfaring for meg, og desse åra har vore både gjevande og tidvis krevjande. Likevel, tida som lokalpolitikar har gitt meg enda meir lyst til å vere ein del av det viktige arbeidet som skal gjerast for innbyggjarane våre i Stad kommune.

Til liks med mange andre stader i landet, har vi mange utfordringar med rekruttering av ulike fagpersonar innanfor helse og omsorg. Å arbeide med
førebyggjande helsearbeid vil vere viktigare enn nokon gong. Eg vil vere med å arbeide for helseførebyggjande tiltak retta mot innbyggjarar i alle aldrar. Eg vil vere med å arbeide for eit lågterskel helsetilbod, og eg vil jobbe for at vi skal satse enda meir på kvinnehelse mellom anna ved å ivareta eit trygt og godt fødetilbod og ein god svangerskapsomsorg i Stad kommune.

Ein annan ting som opptek meg er at born og unge skal ha eit godt og trygt oppvekstmiljø der dei kan dyrke sine ulike interesser, og få drive med dei aktivitetane dei likar. Derfor må lag og friviljuge organisasjonar få gode levevilkår slik at dei kan utvikle seg.