Til innhold

Ragnhild Handeland

Eit godt tilbod for unge innan kultur og helse er viktig for meg.

Ragnhild er ein smørblid 1996-modell frå Valen. Ho har møtt som vara til kommunestyret for Kvinnherad Venstre denne perioden, og har vore leiar i Bergen Unge Venstre. Ho startar på medisinstudiet hausen 2019.

Ragnhild er 11.kandidat på lista til fylkeslista til Vestland Venstre, og vil vere ein god representant for Kvinnherad, Sunnhordland og Vestland fylke i det nye fylkestinget.

Ho har eit stort politisk engasjement. Blandt dei viktigaste sakene hennar finn ein målet om ein god skule frå bornehagenivå til høgare utdanning, gode tilbod til born og unge innan kultur og helse, at innbyggjarane skal ha tilgong på gode idrettsanlegg og at kommunale verksemder og private bedrifter er så miljøvenlege som mogleg.

Om du ønskjer at Ragnhild skal representere Kvinnherad og Sunnhordalands-regionen i det nye Vestland fylkesting må du bruke røystesetelen til Venstre og krysse av ved sida av namnet hennar på valdagen 09. september!