Til innhold

Stig Gunnar Myren

Stig Gunnar Myren

Eg brenn for eit mangfaldig kulturliv; og eit kulturliv som løftar amatørane ved å få la dei jobbe tett saman med dei som er profesjonelle.

55 år, pedagog fra Hustadvika. Ein person med brei erfaring innan skuleverket og kulturlivet.
Er med i Venstre for ein møtar folk som er godt reflekterte og løysningsorienterte realister. Folk som veit at gode løysninger ikkje alltid er den same frå sted til sted. At økonomi, kunnskap, grøn omstilling, haldninger, motivasjon, fridom og engasjement må til for at eit prosjekt, eller eit lokalsamfunn, skal blomstre og trivast.

Meir enn ⅓ av livet ditt er utanfor arbeid og soving; fritid. Den tida kan fyllast med betre ting enn å sjå enda ein sesong på Netflix, sjølv om det er kjekt inn i mellan. Frivilligheiten, kulturlivet, idretten, BUA, Operahuset, kulturskulen, Fjordhestsenteret… alt dette treng gode rammer; og hender og hovude som vil nytte av sin tid til å fylle tida med glede, venskap, helse og kultur.

Rolla som politikar er å legge til rette for og forbetre det tilbodet vi har i dag. Balansen i økonomien er å prioritere. Sjå valprogrammet til Stad Venstre for våre prioriteringar. Det betyr også at dei som har ein normaløkonomi må rekne med å betale normalpris.

Som lærar på Vikinglivlinja på Fjordane Folkehøgskule er kulturarven vår også eit av dei feltene eg ønskjer å tilrettelegge for. Kunnskap om Stad som et naturlig senter i norrøn tid, og senare, bør nasjonalt bli satt på sakskartet i forskning, og Selje i den nasjonale Kystpilgrimsleia.