Til innhold

Svein Rotevatn

Svein Rotevatn

Utvikle kommunesenteret Nordfjordeid til ein grøn, urban fjordby!

Eg er oppvaksen på Nordfjordeid, flytta ut for å ta utdanning i 1973, gift med Siv og flytta med familien tilbake hit i 1989 etter å ha jobba i 5 år i Ålesund og 5 år i Bergen.

Eg er utdanna sivilingeniør på Byggavdelinga ved NTH (NTNU) i 1979 og arbeider i dag som rådgjevar i Nordplan AS. Eg var dagleg leiar i Nordplan frå 1992-2012, i ein periode der vi utvikla selskapet frå 3 til 43 tilsette og frå eitt til 4 avdelingskontor. Eg har vore engasjert i næringsutviklingsarbeid i Eid generelt, bl.a. ved å vere med å etablere Nordfjordeid Næringshage og Nordfjord Vekst. Eg var i periodar styremedlem og styreleiar i næringshagen.

Interesser og saker eg vil jobbe for: Eg har stor interesse for samfunnsutvikling, arkitektur, bygningsvern, musikk og friluftsliv. Dette er samfunnsområde som eg gjennom mitt engasjement i Eid Venstre håper å kunne påvirke i positiv retning.