Venstre seier klart nei til fjorddeponi

Trine Skei Grande blei møtt av nærare 100 demostrantar då ho ankom Vevring torsdag ettermiddag for å få meir kunnskap om rutilutvinning frå Engebøfjellet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Trine Skei Grande og Øystein Djupvik

Trine Skei Grande og Øystein Djupvik
Foto: Naustdal Venstre

Skei Grande var på sommerturne gjennom fylket som en del av oppladningen til haustens valkamp, men vart brått avslutta grunna den tragiske hendinga på Utøya og i regjeringskvartalet. Onsdag og torsdag fekk ho besøke bedrifter i Florø og Askvoll og var med på sommarfest på Mo folkemuseum saman med lokallaga Førde, Askvoll, Naustdal, Gaular og Jølster.

Trine Skei Grande og Engebøsaka

Foto: Naustdal Venstre

Naustdal Venstre sin ordførarkandidat Øystein Djupvik og fylkesordførarkandidat Marit Barsnes Krogsæter var vertskap for Grande på turen gjennom Naustdal kommune. Dei ankom Vevring i båt og blei møtt av ei stor folkemengde med Arne Underlid og Anne-Line Thingnes Førsund frå Vevring og Førdefjorden miljøgruppe i spissen. Ei lyttande og interessert Trine Skei Grande fekk ei grundig innføring i dei miljømessige konsekvensane av å deponere 250 millionar tonn grus, sand og støv sammen med svovelsyre og andre kjemikaliar i den nasjonale laksefjorden.

 Naustdal Venstre sin ordførarkandidat Øystein Djupvik

Naustdal Venstre sin ordførarkandidat Øystein Djupvik

Ordførarkandidat Øystein Djupvik har arbeidd iherdig for å utsette behandlinga av Engebøsaka i kommunestyret dei siste månadane og på spørsmål frå forsamlinga om han også vil arbeide mot etableringa av fjordeponiet var det klare svaret fra Djupvik: -Ja.

Trine Skei Grande ser de lokale og prinsipielle utfordringane med fjordeponi og vil ta saka vidare:

Trine Skei Grande i Vevring

– Dette er ei svært viktig og stor miljøsak som ikkje åleine kan overlatast til ein liten kommune å behandle. I slike saker er det viktig å ha eit vidare perspektiv enn berre økonomiske gevinstar. Vi må gjere politiske val som også våre oldebarn ein gong i framtida kan sjå tilbake på å seie at dette var gode og kloke val. Noreg er eit av ytterst få land i verda som framleis tillet deponering i sjø, og Venstre har på Stortinget utfordra regjeringa på konsekvensane for miljø og laksebestanden ved å etablere Nord-Europas største avfallsplass i en nasjonal laksefjord, sier Venstre-leiar Trine Skei Grande.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**