Medlemsmøte

Hei, og godt nyttår! ?

 

Arealdelen er behandla i hovedutvala og er til 1. g. behandling i formannskapet. Me skal ha møte om den i posisjonen komande torsdag.  Me har bruk for gode innspel og veit at det er engasjement om saken. Me vil derfor diskutere sider av den, for å få flest mulig gode innspel til den politiske behandlinga.

DU er invitert til medlemsmøte på kommunehuset komande måndag 18. januar kl. 19–21. 

Kristin Karlbom Dahle kjem truleg for å presentere sider av planen. Handelsparken, sentrum, parkering, framtidige bustadfelt, ta heile kommunen i bruk osb. Eg reknar også med at utvalsmedlemene kjem for å formidle diskusjonen i hovedutvala.

Meir info om arealdelen finn du her: https://midt-telemark.kommune.no/om-kommunen/kommunale-planer-og-planlegging/planer-under-arbeid/arbeid-med-kommuneplanens-arealdel/

Helsing i kulda frå Steinar