– Arktis er barometeret i verda

– Da ho vaks opp i eit inuitsamfunn i nordlege Quebec, kom Sheila Watt-Cloutier seg aldri raskare fram enn ho kunne greie med hundeslede. Nå reiser den 53-årige inuitleiaren og bestemora verda rundt og talar om miljøspørsmål og faren for ei komande katastrofe med global oppvarming. Ho er nå blitt nominert til Nobels Fredspris, saman med Al Gore.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Hennes folk er augevitne til dei øydeleggande effektane av klimaendringane og den alvorlege trugsmålet klimaendringane er for samfunna og livet lengst nord i verda. Er det eit område av planeten vår som verkeleg merkar resultata av “den store oppvarminga”, så er det Arktis. Som leiar for inuitorganisasjonen ICC i Kanada heilt frå 1995 representerer Sheila Watt-Cloutier både inuitane i Kanada og ho taler på vegner av dei 155 000 inuitane Kanada, Alaska, Russland og Grønland. Ho er ei effektiv talskvinne med stort gjennomslag for miljøpolitikken og urfolksinteresser i heile verda, sa UNEP-direktør Klaus Toepfer da han offentleggjorde at Sheila Watt-Cloutier blei “Champion of the World”-vinnar i Nairobi i 2005. UNEP er FNs miljøprogram.

– Inuitane er kvikksølvet i barometeret. Det er vi som først kjenner alvorlege endringar i klimaet på kroppen. Sheila Watt-Cloutier ber industrilanda redusere utsleppet av klimagassar, i omtake for og solidaritet med folk og natur i nord. Dette er eit signal vi må ta alvorleg også i norsk politikk, når vi diskuterer oljeboring, gasskraftverk med eller utan reinsing av CO2-utsleppa, biltrafikken og andre utsleppskjelder. Venstre stiller klare krav i Norge for å støtte krava frå Sheila Watt-Cloutier og urfolksrepresentantane i Arktis: Norge må ikkje auka utvinninga av olje og gass utover dagens nivå. Vi må stille krav i forureiningslova som sikrar at eventuelle gasskraftverk er fullstendig CO2-fire, vi må ha grønnn skattlegging som lokkar og tvingar forureinande industri over i forsvarleg miljøretning, vi må auke bruken av biodrivstoff i transportsektoren til minst 10% innan 2010, og stimulere til utvikling og bruk av hydrogen som drivstoff, vi vil legge om bilavgiftene slik at det lønner seg å kjøpe drivstoffgjerrige bilar, og vi vil stimulere til meir fornybar energi og varmeenergi i nye bygg. det er viktig med ei skikkeleg satsing på forsking og utvikling av miljøteknologi og produksjon av fornybar energi for å nå dei måla Sheila Watt-Cloutier fekk miljøpris for.

President for alle inuitar
I 2004 blei Sheila Watt-Cloutier valt som president for ICC i heile det enorme arktiske området, frå Grønland i vest over fleire kanadiske statar og territorier som Quebec, Nunavut, North-West territories og Yukon, Alaska og Chutkotka i Sibir. ICC står for Inuit Circumpolar Conference og arbeider for urfolks rettar, for eit reinare miljø, for å ta vare på og utvikle kulturtradisjonane og eit stadig sterkare internasjonalt arbeid for å hevde interessene sine. Rio-konferansen i 1992 var eit viktig steg framover, etter at mange internasjonale leiarar tok med urfolks synspunkt i innlegga sine mot slutten av konferansen. Parallelt med eit betre gjennomslag internasjonalt har også inuitorganisasjonane arbeidd sterkare på heimebane for bærekraftig utvikling og langsiktig bruk av dei sårbare naturressursane sine.

Kvart tredje år er det ICC-konferanse på omgang mellom landa der det bur inuitar. Desse konferansane er ei spennande blanding av politiske seminar og forhandlingar, miljødebattar og imponerande mønstringar av tradisjonelt og nyskapande kulturliv i Arktis. Sheila Watt-Cloutier og samarbeidspartnarane hennes har bygt opp solide nettverk inn i dei fleste internasjonale miljø, og er aktive f.eks. i samarbeid med det Grønlandsbaserte ITCIP – Internasjonalt kurssenter for og med urfolk for å utdanne urfolksrepresentantar til å hevde seg i FN og andre internasjonale organ.

Jan Kløvstad, leiar
Arendal Venstre

Les meir:
UNEP
Inuit Circumpolar
Wikipedia
Sheila Watt-Cloutiers speeches

(Omarbeida av Petter Natanael Toldnæs, 02.01.2007)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**