Årsmøte 2007

Val på årsmøtet 15.01.2007 og årsmelding for 2006

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Nytt Styre i Ål Venstre, valt på årsmøte 15.januar

Leiar: Anne K. Frøyen (1 år)
Styremedl: Eilif Gundersen (1 år)
Sissel Urke (1 år)
Dagfinn Ystad ( 2 år)
Espen Jakobsen (2 år)

Varamedl.: John Storhaug
Eldgrim Springgard
Else Karin Veslegard
Halvor Brattegard

Revisorar: Edvin Ræstad og Halle Persstølen

Valnemnd Eli Torpe, leiar 1 år
John Storhaug, 2 år

ÅRSMELDING 2006

Tillitsvalde:
Leiar Sissel Urke
Nestleiar Anne Kjersti Frøyen
Kasserar Dagfinn Ystad
Skrivar Magnar Ågotnes
Styremedlem og redaktør Eilif Gundersen

Varamedlem 1 Halvor Brattegard
Varamedlem 2 John Storhaug
Varamedlem 3 Eldgrim Springard
Varamedlem 4 Else Karin H. Veslegard

Revisorar Edvin Ræstad
Halle Perstølen

Valnemd Einar Brattegard- leiar
Eli Torpe

Styremøter:
Det har vore 4 styremøter i 2006.
Årsmøtet vart halde på Dr. Holms Hotell på Geilo 16/1, med påfylgjande fellesmøte mellom Venstrelaga i Hallingdal.
Medlemsstatus:
Me har 32 registrerte medlemmer. Av desse har 27 betalt kontingent for 2006. Dette er ein tilbakegang i antall registrerte medlemmer med 4, men ein framgang med 2 av betalande medlemmar, frå sist år.
Utsendingar/ representasjon
Årsmøte i Buskerud Venstre på Tyrifjord Hotell, Vikersund 10.februar
Dagfinn Ystad, Anne Kjersti Frøyen, Torleif Dalseide og Sissel Urke

Venstre sitt landsmøte i Oslo 29.- 30. April. Sissel Urke var valgt delegat, men måtte melde fråfall.

Dagfinn Ystad er sekretær i AU i Buskerud Venstre.

Leiar er medlem i fylkesstyret, og har delteke på 2 av 3 møter dette året. I tillegg medlem av valkomiteen for Buskerud Venstre.

Gruppemøter/ medlemsmøter:
Det har vore 10 gruppemøter i 2006. Desse møta fungerer og som medlemsmøte, og vert halde på tirsdager kl. 20.00 i "Hatlehiet" i Kulturhuset, same veka som det er kommunestyremøte. Det er alltid triveleg at fleire enn kommunestyregruppa er med.

Året 2006:
Styret har hatt eit roleg mellomår, og det meste av aktiviteten har tatt sikte på komande kommuneval.

Ål Venstre var sentrale på årsmøtet i Buskerud Venstre der Hallingdal fekk leiarvervet, ved Hallvor Lilleslett. Halvor utfordra sitande leiar Nina Johnsen, og det vart eit spanande og kjensleladd val.
Kontakt mellom Ål Venstre og Hallingdal Trepellets for å få i stand eit fellesarrangement i samband med opning av pellestsfabrikk i Kleivi. Tanken var å få Gunnar Kvassheim til Hallingdal, for å sette fokus på energi. Dette har det av fleire grunnar ikkje blitt noko av.
Ål Venstre har kome med innspel til program og nominasjon i Buskerud Venstre til fylkestingsvalet 2007.
Ål Venstre har gitt 2 høyringsuttaler: Sektorplan for oppvekst og rullert Kommuneplan for Ål 2006- 2018
Val av nominasjonsnemnd. Medlemmar er Anne Kari Olsen, Anne Kjersti Frøien, Eilif Gundersen og Halvor Brattegard.
Val av programnemnd. Medlemmar er John Storhaug, Torleif Dalseide og Sissel Urke.
Begge nemdene er i god rute.
Buskerud Venstre har køyrt eit organisasjonsutviklingsprogram i samband med fylkesstyremøta. "Venstreskulen" Dette er ynskjeleg skal vidareførast i lokallaga for å skulere fotfolket. Dette har vorte drøfta i styret, og vi foreslår å bruke delar av dette i ein introduksjonskveld for nye medlemmar og listekandidatar i april 2007.
Ål Venstre, ved Eilif Gundersen var representert i arbeidsgruppe som la fram innstillig til kommunestyret om forholdet mellom stat og kyrkje.

Heimesida vår med Eilif Gundersen som redaktør har stort potensiale. Desverre er vi ikkje flinke nok til å bruke ho, verken kome med politiske ytringar eller å hjelpe redaktøren med å foreslå saker som bør leggast ut. Internett er ein viktig kanal, spes. for yngre folk. Ei aktiv heimeside er eit godt ansikt uttad. Ros til Eilif som er ved godt mot.
Adressa er www.venstre.no/aal

Frå Buskerud Venstre får vi også oppmoding om å vere meir aktive med å sende lokale saker til nettansvarleg. T.d. lesarinnlegg og saker der Venstre lokalt får presseoppslag.

"Politisk rekneskap"

Kommunestyregruppa
Ordføraren fekk kommunestyret på å vere med i eit spleiselag med dei næringsdrivande om å bygge parkeringshus i sentrum, noko fleirtalet i formannskapet var imot.
Venstre var pådrivar i samband med vedtaket om vassboren varme i skulesenteret.
Venstre sin representant i oppvekstutvalet arbeidde hardt for å få med seg fleire på forslaget om like betalingssatsar for SFO- tilbodet i heile kommunen. Dette fell, sjølv om mange kunne seie seg prinsippiellt einige. Det var vanskeleg å rokke ved skulane sitt sjølvstyre.
Sluttførinng av omstillingsprogrammet i samband med nedlegging av Torpemoen. Nye arbeidsplassar er etablert, og programmet har langt på veg nådd målsettinga. Programmet vart vidareført ut 2007.
Motorsportbana på Oppsjøtippen engasjerte mange politikarar og innbyggjarar. Støyhensyn, og Ål kommune sitt behov for næringsareal gjorde at Venstregruppa fall ned på eit forslag frå Høgre der Ål kommune forpliktar seg til å finne ei løysing for motorsportsklubben, samstundes som kommunen kunne starte arbeidet med å klargjere området til næringsføremål.
Revisjon av Kommuneplan for Ål 2006- 2018. Godt arbeid både i administrasjonen, sektorutvala, formannsskapet, kommunestyret, politiske parti og interesseorganisasjonar gjorde at vi kunne vedta ein slanka og langt meir brukarvennleg kommuneplan.
Ordføraren arbeidde mykje med å få BTV-rådet med på at Ål kommune kunne forskuttere midlar til utbetring av øvre —Åls vegen, noko fyrst fylkestinget hadde gått imot. Ei viktig sak for å komme vidare med utbygginga i Primhovdaområdet.
Ål Folkepark si vidare skjebne vart ei politisk nøtt. Venstre ynskte å avvente bevilgningar til ny organisasjonsstruktur var på plass. Fleirtalet var redd for at eventuelle investorar skulle trekke seg, og vi vart til slutt med på eit merkeleg vedtak om å bevilge 2 mill. til ein organisasjon som ikkje var etablert.
I oktober vart ordføraren si dobbeltrøyst avgjerande i 2 saker i same møtet. Den eine saka gjaldt om Ål skulle søke direkte ordførarval, noko Venstre var imot.
Rehabilitering av Ål Ungdomsskule. Ål Venstre fekk med i vedtaket at kommunestyret skulle få melding om kva og kvifor dei store overskridingane kom.
Med ferskt reglement for bruk av næringsfondet, vart det debatt då Ål Panorama søkte om midlar . I utgangspunktet var søknaden ikkje innanfor retningslinene. Nokre frå Venstre meinte at også i denne saka var det viktig å forhalde seg til dei retningslinene kommunestyret sjølv hadde utforma. Eit stort fleirtal meinte at denne søknaden var so spesiell at det var grunnlag for å dispensere.
Venstre gjorde eit forsøk på å dra i gang ein prinsipiell debatt om tak på straumprisar for innbyggarar og hyttefolk. Det vart vi åleine om.
I budsjettarbeidet var det i år investeringane som gav hovudbry. Mykje pågrunn av dei store overskridingane på ungdomsskulen. Grunnkapitalen på utbyggingsfondet fekk eit kraftig innhogg, noko som bekymra fleire av oss, men ikkje fleirtalet i kommunestyret. For å bøte på noko forsøkte Ål Venstre med ordføraren i spissen å utsette utbygginga av helsehuset, dette vart nedstemt i ei sak då ein kan meine at og administrasjonen dreiv politisk spel. I same sak forsøkte vi å få kommunestyret med på at eit evt. overskudd frå rekneskapet 2006 skulle tilbakeførast til grunnkapitalen. Vel å merke etter den årlege avsetningen til trivselstiltal for dei tilsette. Dette fekk vi heller ikkje fleirtal for.
Sektorutval for teknisk, næring og ressurs
Utvalet har i 2006 hatt 15 møter og handsama 140 saker. Arbeidet i utvalet er mykje prega av planer og plan-endringar. Det siste året har den populistiske tendensen vorte enda tydelegare enn før: det viktigaste er å hegne om og å verne det private initiativ og næringsliv. Venstre har forsøkt å bruke slingrekjølen og å ta omsyn til felles-skapet både lokalt, regionalt og nasjonalt, men har sørgeleg ofte vorte i mindretal åleine eller i lag med ein repr. frå enten Ap eller Sp. Den innsatsen me har hatt best tilslag på, er å redde utvalet frå mangelfulle/ugyldig formulerte vedtak.
Enkeltsaker/planer som me har jobba ekstra med i løpet av året:
Sundrevegen eigedom
Prinsipp for utbyggingsavtaler
Sektorutval for oppvekst

Skule og barnehage er nok dei områda som tek mest tid i arbeidet til SUO og eit stikkord dette året er utbygging.

Me har framleis etterpørsel etter fleire barnehageplassar. Ikkje før var avdeling 2 på Skattebøl barnehage opna, så melder det seg behov for ei ny utbygging i Sundreområdet.
Midlertidig avdeling i prestegårdslåven i påvente av to nye avdelingar i Sundre barnehage vart klubba gjennom.
Målsettinga er full barnehagedekning i kommunen. Etter at den siste utbygginga er ferdig så har Ål langt på veg full barnehagedekning.
Venstre har programfesta lik foreldrebetaling i SFO. Dette er ei sak Venstre har kjempa for både i oppvekstutvalet og i kommunestyret. Så langt har me stått åleine om dette synet. Men me har fått fleire tilbakemeldingar frå foreldre som spør seg kvifor det skal vera ulik betaling på dette tilbudet innad i samme kommune. Dette er opplagt ei sak me kjem til å arbeide videre med .
Ungdomsskulen er nå under rehabelitering og også dette store prosjektet starta i SUO.
Trafikksikkerhet og trygge skulevegar er også eit tema som har fått mykje merksemd i utvalet. Her gjennstår mykje arbeid, så dette vil det også bli arbeidd med i tida som kjem.
Max pris på barnehageplassar lar framleis vente på seg. Her i Ål har me i inneværende år måtta foreta ein liten auke i prisane.
Sektorutvalet har brukt mykje tid på å utarbeide ein sektorplan. Etter at planen var ferdig og godkjent av kommunestyret har utvalet begynt å jobbe med å sette planen "ut i livet".

Sektorutval for helse- og sosial
Bustadsosial handlingsplan for Hallingdal, initiert av Regionrådet. Mange av dei som ikkje har tilstrekkeleg boligforhold har eit rusproblem. Derfor vil tiltaka her på Ål bli eindel av plan for rusomsorg som politikarane har bedt om i 2007.

Avslutting av samhandlingsprosjekt mellom Ål og Hol, fleire områder er vedtatt vidareført. For sektorpolitikarane i dei respektive kommunane er det vedtatt å ha eit årleg fellesmøte
for å drøfte eventuelle samarbeidsprosjekt.

Forprosjekt for etablering av tiltak for tilrettelagte arbeidsplassar, eit samarbeid mellom Vinn, Hol og Ål kommune. Vidareføring og konkretisering tidleg i 2007.

Utfordringar:
Tilskotsordninga for ressurskrevjande brukarar gjeld berre til brukaren er 67 år. Store økonomiske konsekvensar for sektoren. Eit tema vi må ta med til våre sentrale politikarar. I tillegg er antall brukarar uforutsigbart. Gir store utslag i ein liten kommune.
Begrensa ressursar på legeteneste til sjukeheimsbebuarar. Ny struktur og tidlegare heimsending frå sjukehus krev meir aktiv behandling.
Nyordning med utdanning av helsefagarbeidarar krev lærlingeplassar.

For styret i Ål Venstre 14/ 1 2007
Sissel Urke, leiar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**