Venstrelista i Hå er klar

Venstre i Hå har hatt nominasjonsmøte og sett opp lista til kommunevalget med Jon Arne Silgjerd frå Nærbø som førstekandidat. Lista har åtte prioriterte namn og resten i alfabetisk rekkefylgje.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Dei fire første er i tillegg kumulerte. På dei neste prioriterte plassene fylgjer Anne Kathrine Edland, Tom Henrik Rosseland, Albert Moe, Oddvar B. Høyland, Mindor Hatlegjerde, Jan Ove Grude og Terje K. Njærheim.

Jon Arne Silgjerd har lang og tung erfaring som fylkespolitikar og har tidligare m.a. vore medlem av fylkestinget, leiar av regional- og kulturutvalget i fylket og leiar av Aksjon Jærvassdrag — eit verv han ennå har — samt ei lang rekke andre mindre verv. Han har også vore leiar av Vennelaget for Hå Gamle Prestegard i 5 år og har såleis hatt eit langvarig engasjement innan miljøpolitikk, næringspolitikk, kulturpolitikk og regional utvikling.
Han har også vore leiar i Rogaland Venstre, medlem i landsstyret i Venstre i 5 år og styreleiar i Venstres Opplysningsforbund i 2 år.

Venstre er idag ikkje representert i kommunestyret i Hå og laget har difor laga ein omfattande plan for korleis ein skal klara å koma inn ved dette valget. Ved stortingsvalget sist fekk Venstre omlag 400 stemmer i Hå, noko som ville gitt 2 eller 3 representantar i kommunestyret og det er eit klart mål ved dette kommunevalget å gjera det like bra.

Venstre har på landsplan styrka seg kraftig i dei siste åra og var ved siste stortingsvalg større enn Senterpartiet i Rogaland. At Senterpartiet nå er med i ei sosialistisk regjering har nok falle mange gamle SP-veljarar tungt for brystet, ikkje minst på Jæren, og Venstre er eit godt alternativ for mange av desse.

Venstre sine satsingsområde ved dette valget er miljø, småbedrifter, sosialt ansvar og skule og på alle desse områdene er det mykje å ta fatt i Hå kommune. Miljøarbeidet står t.d. svært svakt i kommunen og det er ikkje bra i ein kommune der mange av innbyggjarane lever av å produsera mat. Jordvern og arealpolitikk må langt sterkare i fokus framover meiner Hå Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**