Brev av 18.03.07 til de politiske partiene i Hurum

Tema: Forslag om felles utsending av valgmateriell ved kommunevalget 2007

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Til dei politiske partia i Hurum

FELLES UTSENDING AV VALGMATERIELL

Hurum Venstre vil foreslå at dei politiske partia i Hurum går saman om ei felles postutsending av valgmateriell til alle innbyggarane i kommunen framfor kommune- og fylkestingsvalget 2007.

Dersom alle parti går saman om ei felles postutsending, vil ein sleppe og gå rundt og putte valgmateriell i postkasser. På denne måten er ein dessutan sikker på å nå alle husstandar i Hurum med materiell frå alle parti. Reint praktisk organiserer vi ein pakkedugnad med deltakarar frå alle dei politiske partia og overlater så til posten å sende valgmateriellet ut.

Vi vonar på positiv respons på forslaget.

Med venleg helsing
Hurum Venstre
Gunn-Torill Homme Mathisen
-leiar-

Vedlegg 1

Utrekning for kostnader ved felles postutsending av valgmateriell

Opplysningar om prisar og tal på husstandar er innhenta frå Posten Norge.

Husstandar i Hurum pr.20.02.07: 2 798 husstandar

Hurum er sone 2 og ei fellesutsending i vår kommune vil koste som følger:

Sending med vekt 300 g: kr 8114.-
– C4 konvolutt: 20g
– 280 g til fordeling mellom 7 parti: 40 g til disposisjon pr. parti
– Kostnader pr. parti: kr 1 159.-

Sending med vekt 400 g: kr 11 472.-
– C4 konvolutt: 20 g
– 380 g til fordeling mellom 7 parti: 54 g til disposisjon pr. parti
– Kostnader pr. parti: kr 1 639.-

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**