Har du sove i timen, Hallgeir Langeland?

-Du kjenner Aksjon Jærvassdrag svært godt og har tidligare erklært deg som ein av våre venner og støttespelarar. Har du sove i timen, spør leiaren i styringsgruppa i Aksjon Jærvassdrag, og toppkandidat i Hå, Jon Arne Silgjerd i denne artikkelen i Jærbladet.
.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Aksjon Jærvassdrag, ein av landets beste og lengstlevande miljøaksjonar, klarte for nokre år sidan å koma inn igjen på statsbudsjettet etter langvarig kamp. Gjennom eit samarbeid med Morsa-prosjektet i Østfold skal desse to prosjekta dela ein pott som har vore 6 mill kroner dei to siste åra.
I 2006 vart denne potten delt med 4 mill til Morsa og 2 mill til AJV etter at begge prosjekta hadde levert solide søknader med ei rekke gode prosjekt som vi ville ha finansiert. Vi AJV såg dette som ein inspirasjon til å levera ein enda betre søknad i 2007, noko vi sjølvsagt også gjorde. Tildelinga frå SFT kom for få veker sidan og — surprise, surprise — det vart 4 mill til Morsa og 2 mill til AJV dette året også ! På eit oppklaringsmøte med SFT 30 mai svarer dei på direkte spørsmål at dei er direkte instruert av Miljøverndepartementet om at fordelinga skal vera slik i år også.

I departementet sit det som kjent ein minister frå SV. Morsa-prosjektet har ein styreleiar frå AP og i tillegg er SV sin representant frå Østfold visstnok ein flittig gjest i Miljøverndepartementet.

Alt dette kunne vi vel til ein viss grad ha levd med. At regjeringar syter for sine eigne er ikkje noko nytt, sjølv om det i denne saka blir svært uvanleg tydeleg. Det som fekk begeret til å flyta over var revidert statsbudsjett, som vart lagt fram for eit par veker sidan. Der blir Morsa-prosjektet heilt uventa tildelt 2 millionar kroner ekstra — utan søknad og utan vidare grunngjeving. Og ennå er det lenge til jul.

Aksjon Jærvassdrag og Morsa-prosjektet er i utgangspunktet to ganske likeverdige miljøprosjekt. Begge handlar om å redusera utslepp av næringsstoff til viktige vassdrag i nokre av landets mest intensive landbruksområde. Miljøverndepartementet ved statsråd Knut Arild Hareide bad oss om å samarbeida i 2004 og tildelte midlar via SFT til arbeidet. Ingen forventar at desse midlane skal fordelast med millimetermål, men når fordelinga av desse midlane — etter to år med ein minister frå SV — er blitt til 2 millionar til Aksjon Jærvassdrag og 6 millionar til Morsa-prosjektet, då blir dette ganske skeivt.

Vi i AJV har lagt ned masse tid og krefter i å utarbeida gode prosjekter og ein god søknad for å få desse pengane. Og vi er såpass naive at vi trudde den søknadsprosessen som departementet og SFT la opp til var alvorlig meint. Hadde vi visst at departementet hadde avgjort saka på førehand på eit intern SV-møte så kunne vi ha spart både pengar og arbeid og unngått dette narrespelet.

Vi Rogaland er vant til at prosjekt som ligg i Oslo og omegn får langt lettare tilgang til midlar frå staten enn andre, men når vi i tillegg ser at SV i Østfold får langt betre utteljing enn SV i Rogaland då blir det på tide å stilla spørsmålet — Kor har du vore i desse timane, Hallgeir Langeland ? Du kjenner Aksjon Jærvassdrag svært godt og har tidligare erklært deg som ein av våre venner og støttespelarar. Har du sove i timen ?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**