Bygg «bybane» heilt til Sirevåg!

Hå er ein av svært få kommunar i landet som har jernbanestasjon i alle tettstader. Ikkje mindre enn 6 jernbanestasjonar ligg innanfor kommunegrensene; Nærbø, Varhaug, Vigrestad, Brusand, Ogna og Sirevåg. Dette gir Hå unike muligheter til å binda saman kommunen og innbyggjarane og for å nytta jernbanen som fremste transportmiddel både til arbeidsreiser og fritidsreiser dersom bare tilbodet blir godt nok.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Jernbanen vart i si tid sett på som eit fantastisk framskritt innan samferdsel i landet, men i dei siste 50 åra etter at bilen vart allemannseige har jernbanen sakka akterut og er nå eit både dyrt og altfor sjeldan tilbod til at det vert førstevalg for dei fleste. Likevel ser vi — ikkje minst når vi er på reise i utlandet der tilbodet ofte heiter bybane eller undergrunnsbane — at eit godt jernbanetilbod kan vera fullt ut tilfredsstillande.

I Stavanger — Sandnes området pågår det for tida intense utgreiingar om korleis det framtidige bybane-tilbodet i regionen skal sjå ut. Hå Venstre vil nytta dette høvet til å rusta opp jernbanetilbodet kraftig heilt til Sirevåg. Dette bør inkludera lokaltog-avgangar t.d. kvart 15 minutt med godt og tidsmessig materiell til eit nivå som kan samanliknast med bybane-tilbodet lenger nord.
Om vi ser på Hå kommune i eit større perspektiv så er svært store deler av kommunen idag dyrka mark. Og ikkje bare dyrka mark men det er snakk om den beste matjorda i landet. Den einaste delen av Hå der det er store arealer som ikkje er dyrkbare er i søre delen av kommunen, mellom Brusand og Holmane. Det gjer dette området svært aktuelt i samband med framtidig utbygging, både av næringsområde, bustadområde og av fritidsbustader. Og når vi samtidig har ikkje mindre enn 3 jernbanestasjonar på ein strekning på ca 10 km i dette området så gir det muligheter andre kommunar bare kan drøyma om. Då blir det vår oppgåve å syta for at eit godt kollektivtilbod er på plass før utbygginga tar til slik at gode kollektivvanar blir ein del av kvardagen til dei som skal bu og arbeida i dette området.

Då må også stasjonane og området ikring rustast kraftig opp slik at dei blir sentrale både som møteplass og knutepunkt i bygda. Hå kommune må utarbeida sentrumsplanar for alle tettstader der det tas omsyn til den sentrale rolla stasjonane har for innbyggjarane. Dette inneber også ei langt høgare utnytting av dei tomtene som ligg nært jernbanestasjonane til bustadformål. Dess fleire som bur innan gangavstand frå stasjonen, dess større er sjansen for at dei faktisk nyttar toget som hovedframkomstmiddel, men dette krev målretta innsats og press frå kommunen si side. Det har vi sett lite til i Hå til nå.

Jon Arne Silgjerd
1. kandidat, Hå Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**