Har Nærbølista eller ordføraren fronta sakene i Hå ?

Gruppeleiearen for Nærbølista — unge lovande Tor Henrik Søiland — har i eit lesarbrev i førre veke ei lang liste over saker som Nærbølista skal ha fronta i dei siste 4 åra og som visstnok skal ha resultert i 4 gode år for Hå. Oppramsinga omfattar så langt eg kan sjå alt som finst av positive saker i Hå kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Eg fell for fristelsen til å stilla eit uskuldig spørsmål – er det ikkje det vi skal forventa av det “partiet” som har ordføraren i kommunen ? At han faktisk frontar dei viktige sakene i kommunen ? Det ville vel vore langt meir oppsiktsvekkjande om han ikkje gjorde det…..

Når gruppeleiaren signerer “for ei tilfreds Nærbølista” så er vel grunnen til at dei er tilfreds heller det at dei klarte å gjennomføra det forhandlingskuppet som gjorde at dei fekk ordføraren i denne perioden og ikkje det at ordføraren faktisk har gjort jobben sin på ein god måte ?

Jon Arne Silgjerd,
1. kandidat, Hå Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**