Skal folk i Hå ha kommuneplanen som ferielektyre?

Kommunestyret har lagt ut ny kommuneplan for Hå 2007-2022 til høyring i sitt møte 14. juni. Plandokumenta blei lagt ut på kommunen sine nettsider den 21 juni. Høyringsfrista til planen er sett til fredag 10. august 2007. Dermed legg Hå kommune opp til at folk i Hå skal koma med sine innspel til kommunen sitt viktigaste styringsdokument, medan resten av landet som kjent har ferie.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Hå kommune: Sommarstengt men full høyring

– Dette er mildt sagt ein underleg måte å arbeide på, seier Jon Arne Silgjerd, som er Venstre sin toppkandidat i Hå. – Dette kan ikkje vera gjennomtenkt. Hvis det er det, betyr det at ein ikkje ynskjer folkeleg engasjement rundt viktige politiske prosessar i Hå kommune.

Kommunens eiga informasjon om åpningstidene på dei stadene der planen er lagt ut seier eigentleg det meste om høyringar i ferien :

“Planframlegget er utlagt på fylgjande stader:
Nærbø: Hå folkebibliotek Nærbø (stengt veke 29 og 30) og SpareBank1 SR-Bank avd. Nærbø (berre når biblioteket held stengt i veke 29 og 30)
Varhaug: Varhaug bibliotek (stengt heile juli) og Hå rådhus (heile høyringsperioden)
Vigrestad: Vigrestad bibliotek (stengt heile juli) og SpareBank1 SR-Bank avd. Vigrestad (berre når biblioteket held stengt i juli)

Med dette løpet blir det også lagt opp til at det gamle kommunestyret legg planen ut på høyring — med høyringsfrist rett før valgkampen tar til – og sjølv sluttbehandlar i sitt siste møte. — Dette er ein variant som ikkje er spesielt god, seier Silgjerd. Det kan godt vera fornuftig at det gamle kommunestyret — med all si erfaring – set igong kommuneplan-prosessen, men då bør det nyvalgte kommunestyret få høve til å setja seg grundig inn i forslaget – og ha høve til å påverka dette forslaget – før den nye kommuneplanen blir vedtatt. Ellers blir det nye kommunestyret sitjande i 4 år som gisler og styre på det gamle kommunestyret sine premisser — og det var vel ikkje meininga, seier Silgjerd.

Hå Venstre vil at forslaget til kommuneplan skal bli eit hett tema i valgkampen og i dette tilfelle er det enkelt å oppnå på fylgjande måte :

Utsett høyringsfrista til t.d. 15 september.
La det nyvalde kommunestyret overta sluttbehandlinga av kommuneplanen.

Silgjerd saknar og ein meir offensiv bruk av nettet. — Fleire kommunar bruker idag internett aktivt i kommuneplanprosessane. Det siste dømet såg vi for få dagar sidan frå Randaberg. Her har Hå kommune mykje å læra.

Hå Venstre ynskjer å endra måten viktige kommunale dokument blir behandla i Hå kommune:

Offentlege høyringer i store plansaker må aldri leggjast til sommarferien.
Dokument skal vera enkle å henta ned fra nettet.
Det må etablerast eit skjema på nettet kor kvar einskild kan gi sine kommentarer til planen direkte til kommunen og desse bør umiddelbart leggjast ut på nett og vera tilgjengelege for andre.

For meir informasjon, kontakt Hå Venstre sin 1.kandidat Jon Arne Silgjerd — som sjølsagt er på ferie -; på tlf. 90 19 53 29

Meir informasjon om kommuneplanen finst på Hå Kommune sine heimesider.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**