Kandidaten: Jon Arne Silgjerd (50) — 1. plass på Venstrelista

– Jon Arne, 1 plassen på lista til Hå Venstre, det er vel ein sikker karrierevei. Skal du få politikken som levebrød nå eller?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Jon Arne Silgjerd

Foto: Tore Nilsen

Han flirer godt av ironien og slår tilbake ; – Venstre har alltid vore imot heiltidspolitikarar så slik sett skulle eg vera trygg her. Det har vore tungt å vera Venstre-politikarar i Hå dei siste åra, noko som vel helst har historiske årsaker, men mykje tyder nå på at det kan gå betre denne gongen. Venstre er støtt etablert som eit ikkje-sosialistisk parti og har meiningsmålingar over heile landet som ligg langt høgare enn for få år sidan. Ved Stortingsvalget for 2 år sidan vart Venstre i Rogaland større enn både SV og Senterpartiet så hvis dei som stemte Venstre i Hå for 2 år sidan gjer det på nytt i år, så betyr det minst 2 representantar i kommunestyret, smiler han optimistisk.

Dette er tydelig eit tema han kunne ha snakka om i timevis så vi vel å avbryta der og prøver å koma litt tettare innpå mannen. — Jon Arne, du har vore fylkespolitikar i mange år både i fylkestinget, regional- og kulturutvalet og i Aksjon Jærvassdrag og mykje anna. Kvifor vil du inn i kommunepolitikken i Hå ? – Eg trur kommunepolitikk på mange måtar kan vera vel så interessant som fylkespolitikk. I kommunane er det kortare avstand til veljarane og dei vedtaka som vert gjort får direkte fylgjer for folk i lokalsamfunnet. Her nyttar det ikkje å gøyma seg bort, her må ein ta ansvaret for det ein gjer heilt og fullt. Det må ein sjølvsagt gjera
i fylkespolitikken og, men her handlar det meir om planlegging og tilrettelegging på eit vidare felt og ikkje så nært enkeltpersonar.

– Du er jo og innflyttar til Hå, er det ein fordel eller ein ulempe ? Først skuler han litt olmt og mumlar noko om kor mange generasjonar det eigentleg skal til for å bli Håbu, men så tar han seg saman og kjem med dei gode argumenta igjen. — For det første har eg budd i Hå nå i 21 år så eg er vel ikkje ganske nyinnflytta. Dessutan så trur eg alle har godt av å få inn nokre friske tankar utanfrå av og til. Innavl fører som kjent sjeldan noko godt med seg.

– Ok, nå skal vi stilla litt snillare spørsmål. La oss gå tilbake til start, du er frå Ryfylke ikkje sant? – Javisst — og nå kom smilet fram — eg er fødd på Nedstrand, hadde store deler av oppveksten i Sauda før me flytta attende til Nedstrand — som nå var blitt ein del av Tysvær kommune – samtidig som eg starta på skulegang i Stavanger som 16-åring. Seinare vart det ingeniørutdanning og endå seinare tilleggsutdanning imarknadsføring og økonomi. Eg starta tidlig i oljå som det heiter og har reist som servicemann på ulike instrumenter på alle slags plattformer og skipsverft over heile verda i mange år. — Så gjorde du eit dristig valg og starta eige firma? – Ja, eg var full av ungdommeleg optimisme og starta for meg sjølv i 1984 og haldt på med det i 20 år til saman. Det har vore både oppturar og nedturar og mykje god og verdfull erfaring. Til slutt enda det med at me selde store deler av verksemda til eit stort internasjonalt firma og eg fylgde med på kjøpet, flirer han. I dag arbeider eg som salgssjef der for det me kallar Metocean systems på nynorsk, det vil seia instrumenter og system for å måla vind og straum og bølgjer og slikt. Pendlar dagleg til Lura og irriterer meg kvar dag over at
det ikkje finst ein jernbanestasjon der slik at toget kunne blitt eit reelt alternativ til å stå i bilkø. Det er i grunnen ganske fantastisk at ein har klart å byggja opp titusenvis av arbeidsplassar i Forus / Lura området og først etterpå, når det blir trafikkinfarkt, så kjem ropet etter eit betre kollektivtilbod. Det skulle sjølvsagt ha vore der først — slik at folk hadde fått gode kollektivvanar frå starten av.

– Og når du ikkje er på jobb, kva går det i då ? – Tja, nå har det jo blitt mykje politikk dei siste åra då, smiler han, men det har vore både spennande og lærerikt. Ellers er eg som dagleg er kontorist avhengig av å grava i jorda av og til så det blir eindel hagearbeid. Dessutan har eg overtatt den gamle husmannsplassen på Nedstrand. Der er det stille og fredfullt og uendeleg tilgang på vedlikehald og vedhogst, så der er det liten fare for å bli arbeidsledig. Eg kallar det i mørke stunder for arbeidsleiren, men det er så absolutt sunt og meiningsfullt arbeid som eg trives med. Ellers er eg svært glad i å laga mat — noko som dessverre har sett sine spor — og eg prøver å driva litt friluftsliv for å kompensera for det. Og så må eg ha min daglege dose med aviser – til kona si store fortviling — og skulle det bli litt tid til overs så er ikkje ei god bok om historie å forakta.

– Og politisk, kva er det som er dine hjartesaker ? — Han trekkjer pusten — og vi førebur oss på ei lang rekke argumenter igjen. — Det har alltid vore eit sunt prinsipp i det norske bondesamfunnet at ein skal levera bruket vidare i betre stand enn det var då ein overtok sjølv. Det er eit prinsipp eg som politikar kan leva godt med. Og då er det miljøpolitikk som kjem øvst på alle lister. Skal borna våre kunna leva godt på jorda så må jord, luft og vatn vera reint og utan forureining — og det må vera matjord nok igjen til at dei kan produsera sin eigen mat. Det er ein forkasteleg politikk å bruka den beste matjorda vår til hustomter og satsa på at all matproduksjon skal foregå i utlandet. Dessutan fører matproduksjon med seg ein masse arbeidsplassar i andre tilknytte næringar så dette er ufatteleg viktig på lang sikt for ein kommune som Hå. Så miljøpolitikk og jordvern kjem svært høgt på lista over interesser. Dessutan må vi ha noko meiningsfylt å gjera i fritida, så det å leggja til rette områder for friluftsliv er viktig. I Hå burde vi til dømes vore mykje flinkare å bruka alle vassdraga våre, tenk om vi kunne hatt ein liten gangsti langs dei viktigaste vassdraga heilt ned til sjøen?
Dette i tillegg til dei fantastiske Jærstrendene ville vore unike områder for friluftsliv. — Og så må vi ha eit aktivt kulturtilbod i vid forstand. Det store utvalet vi har i dag frå husmorlag og idrettslag til Hå Gamle Prestegard er eit stort pluss for Hå Kommune og kan ikkje verdsetjast høgt nok.

– Apropos HGP, du var jo ein smule omstridd som leiar i Vennelaget på Prestagarden for eindel år sidan når striden om den "nye" løa stod som verst. Spørsmålet får Jon Arne til å sukka litt oppgitt. – Ja, det var enkelte som prøvde å framstilla meg som ein håplaus kultursnobb utan bakkekontakt i den tida, men lufta gjekk heldigvis litt ut av ballongen når Jærbladet laga eit intervju og framstilte meg som ein enkel gut frå landet…… som eg jo også er, smiler han. Og når ein ser på kva Prestagarden er i dag, inkludert den nye løa så innser vel dei fleste at det ville vore galskap å riva den. Denne kommunen treng noko fint å visa fram og
verken Varhaug eller Nærbø har eit sentrum som ein er stolt over å visa fram til eit "syskenbarn på Gjøvik" som er på besøk. Då tar me dei heller med til Hå Gamle Prestegard og eg er i alle fall stolt over det anlegget slik det ligg i dag. Dette er i høgste grad også eit spørsmål om trivsel, om marknadsføring av kommunen og
mykje meir. Og det har igjen stor innverknad på næringslivet vårt, som er eit anna viktig felt. Ein god kommune må ha eit levande næringsliv — i tillegg til landbruket — og ordføraren må bruka mykje av si tid på å leggja til rette for at det skal trivast og kunna utvikla seg.

– Til slutt, Jon Arne, vi har tjuvkikka på dei andre Venstre-kandidatane og av ein eller annan grunn så er alle opptatt av idrett utanom du. Forklar? – He he, i mitt tilfelle er det vel helst snakk om breiddeidrett, flirer han og prøver å trekkja inn magen. Rett nok var eg ein ung og lovande orienteringsløpar i Sauda i min ungdom og har ein personleg rekord på 5000 meter som ligg på 18 minutt og litt, men det er dessverre mange kontordagar sidan det. Og så er det vel godt at ikkje heile Venstregruppa er sportsidiotar og, eller??

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**