Kandidaten: Tom Henrik Rosseland (37) står på 3 plass på Venstrelista

– Tom Henrik, du kallar deg sjølv Stasjonsunge frå Varhaug. Er du sikker på at veljarane i Hå vil meina det er positivt ? Han tar denne provokasjonen fint og flirer godt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Tom Henrik Rosseland

Foto: Jon Arne Silgjerd

— Det er stor forskjell på å vera stasjonsunge og det å vera frå gard i Hå. Men samtidig er det stor forskjell på å vera stasjonsunge og det å vera byas — og eg trur nok dei fleste i Hå viser storsinn i høve til bakgrunnen min.
– Men så har du i tillegg kryssa ei viktig grense — nemlig Ånå — og flytta til ein gild gard på Søyland. Korleis kan det gå an ? —

Å, du veit, det hadde som vanleg noko med kvinnfolk å gjera — seier han med eit lurt smil – og når det i tillegg førte med seg at me kan bu på ein flott gard der ungane kan veksa opp i rolege og trygge omgivingar så var det eit enkelt valg å ta. Det har vore mykje hardt arbeid men du verden for ein god stad å bu.

– Men kornproduksjon og full jobb utanfor garden, er ikkje det bare for austlendingar og andre hobbybønder ? Han tar seg omsider inn igjen og forklarer gjerne ; – Du ser det, eg arbeider som autorisert rekneskapsførar og i den bransjen er det slik at me arbeider dag og natt frå 1 januar til eingong uti mai / juni når alle årsoppgjer er ferdige. Resten av året har me det ganske makeleg. Så hvis eg skulle driva gard så var eg nøydd til å finna ein produksjon som ikkje kolliderte for mykje med dette, difor vart det korn. Men det er utfordrande nok det og, landbruket i dag er ikkje slik at arbeidet kan gjerast med venstrehanda, det er så mykje regelverk og kvalitetskrav som skal fylgjast at me er nøydd til å satsa 100 prosent på det me skal gjera om me skal lukkast.

– Då er det kanskje ikkje så rart at du er opptatt av miljøpolitikk og jordvern heller kanskje ?

– Nei, det er svært logisk. Matproduksjon og miljøvern høyrer nøye saman. Får forbrukarane mistanke om at maten ikkje er rein så vil dei ikkje ha den, så enkelt er det, og får me ikkje selt produkta våre så er det bare å leggja ned. Difor er miljøpolitikk alfa og omega i denne bransjen og difor meiner eg at det er det naturleg som bonde å velja Venstre. Det er det partiet som har sagt akkurat dette lengst og med størst truverd.

– Hm, interessant å sjå at liv og lære på eit vis heng saman. Er det derfor du driv og masar om desse småbedriftene og ? – He he, ja det er heilt naturleg, smiler han. Eg er dagleg leiar og medeigar i eit rekneskapsbyrå som arbeider for ei lang rekke små og mellomstore bedrifter på heile Nord-Jæren og eg ser dagleg kva problem dei slit med. Det er desse som er ryggraden i næringslivet vårt og det er ingen tvil om at det offentlege Norge kunne vore mykje flinkare til å leggje til rette for dette.

– Og igjen, koplinga til landbruket kjem igjen her også — ein gard er også ei lita bedrift sjølv om den er sterkt regulert. Eg er ikkje tilhengar av å la marknadskreftene rå fritt slik som FRP vil, men eg kunne svært godt tenkja meg at bøndene blir tatt på alvor også som bedrifter og eg vil gjerne sloss for at bøndene skal få betre vilkår.

– Og ikkje gløym den store og omfattande næringsmiddelindustrien som er avhengig av at landbruket i Norge fungerer godt. Hå er ein av dei viktigaste matproduserande kommunane i landet og dette må politikarane i Hå aldri gløyma. Det burde vore servert Hå-kylling på kvart einaste kommunestyremøte for å minna dei på det, seier den magre mannen med eit stort smil.

– Ellers, Tom Henrik, kona di seier du er tilnærma sportsidiot sjølv om dine eigne aktivitetar er avgrensa til litt innebandy i gymsalen på Høyland og ei fortid som kasserar i supporterklubben til Bryne.

– Ja, idrett er viktig for alle og dessutan flott terapi etter ein lang dag på jobb. Og med ungar i den alderen der dei verkeleg har glede av aktivitetane i idrettslaget så ser eg stadig at det arbeidet dei gjer er umåteleg viktig. Kommunen bør verkeleg strekkja seg langt for å få til eit tett og godt samarbeid med alle idrettslaga i
kommunen slik at aktivitetane utfyller kvarandre så godt som råd er.

— Men supporterklubben til Bryne, kva er det for noko tøys ?

Han ler hjerteleg og slår tilbake ; – Når Nærbø sitt fotball-lag kjem opp i 1 divisjon så stiller eg gjerne opp i supporterklubben der i staden. Det med Bryne FK har nok samanheng med at me budde nokre år på Bryne før me kom til Søyland.

– Til slutt, det seiest frå sikre kjelder at det kan vera ganske farleg å ferdast på din eigedom ved Søylandsvatnet i jakttida. Kva har du å seia til ditt forsvar ?

— Det er heilt rett hvis du er ei and, smiler han. Jakt og fiske er ein av mine store hobbyar og andejakta er definitivt eit av høgdepunkta. Eg leiger også ut området til Jæren Jakt og Fiskelag slik at andre og skal få glede av dette. Eg har vore med i styret der og ei stund forresten. Friluftsliv er nødvendig og viktig i dag når folk arbeider og stressar meir og meir og det er også eit område som kommunane må ta meir på alvor i framtida. Lett tilgjengelege områder for dagleg friluftsliv vil eg gjerne sloss for i kommunestyret, seier Tom Henrik — som for all del ikkje må forvekslast med naboen Tor Henrik på ei heilt anna liste………

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**