Ungdom vel Venstre

Til deg som skal stemme for første gang

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Gratulerer!
Om ikkje lenge er det kommune- og fylkestingsval. For første gong har du moglegheit til å vera med å påverke dette valet.

Det er ikkje alltid lett å finne ut av kva dei politiske partia verkeleg meiner.
Då må ein sjå på kva som "ligg bak" dei ulike partia, og sjå på ideologien.
Og finne det partiet som stemmer best overeins med dine meiningar og haldningar.

Du kan sjølvsagt aldri vera 100% einig med eitt parti, det trur vi nesten ingen er. Det viktigaste er då at du tenkjer over kva som verkeleg betyr noko for deg, kva haldningar du har til ulike ting, og kva saker som er viktige for deg.

Venstre er eit liberalt parti. Me er ikkje interessert i at staten skal styre våre liv. Me meiner at det er menneska sjølv som må ha fridomen til å ta dei vala dei vil. Liberalismen handlar om kvart enkelt menneske sin fridom, uansett kva bakgrunn ein måtte ha.

Det er mange grunnar til at me valde Venstre, men nokon av dei viktigaste er desse: Venstre vil ikkje gi "litt til alle" men prioritere dei som faktisk treng det. Dersom du gir alle likt, hjelper du eigentleg ingen. Og det er mange menneske i Noreg som verkeleg treng å verte prioriterte. I Noreg i dag vert det større og større skilnad på fattige og rike. Venstre vil stogge denne utviklinga og gjere skilnaden mellom fattig og rik mindre.
I tillegg er Venstre det verkelege miljøpartiet. Vestre har alltid satsa på miljø, og gjer det ikkje fordi det plutseleg er blitt populært. Me som bur i Luster kommune er heldige og har ein eineståande flott natur rundt oss, Venstre vil stå på for å bevare denne naturen mest mogeleg, slik at våre framtidige generasjonar og kan nyte godt av dette flotte og unike landskapet.

I tillegg er det å ha ein god skule, svært viktig for oss. Venstre vil satse på å få gode lærarar. Me tilbringe tross alt mykje av livet vårt på skulen, og det er viktig at dei har den kunnskapen og kompetansen dei treng for å kunne gi oss eit godt grunnlag for framtida.

Heilt til slutt vil me berre ynskje deg lykke til. Det er ikkje lett å ta eit slikt val, men det er svært viktig at du gjer det. Me håpar sjølvsagt du vil stemme Venstre, men det viktigaste er tross alt at du faktisk vel å nytte deg av stemmeretten din.

Lykke til frå Unge Venstre

Alexander Velthuijs, kommuneliste og fylkestingsliste
Jeanett Aaland Brun,kommuneliste
Tom Kreken, kommuneliste
Vidar Aasen, kommuneliste

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**