Kandidaten: Albert Moe står på 4. plass på Hå Venstre si liste

– Albert, du er tilbake og har bygd deg nytt hus på Nærbø etter å ha prøvd deg nokre år på Sandnes. Kva skjedde?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Albert Moe

Albert Moe

– Eg kom opprinneleg til Nærbø i 1970 som nyutdanna lærar og budde her samanhengande fram til ungane var vaksne og flytta ut. Då fant me ut at me ville prøva korleis det var å bu på Sandnes og så gjorde me det. Men etter kort tid kjende me at det var ikkje det me ville og så bar det tilbake til Nærbø igjen og nå har me det bra her. Etter så mange år i Hå så har me tydeligvis grodd fast her.

– Du har arbeidd i skulen i mange år, fortel litt om kva du har gjort på.

— Eg kom altså hit som nyutdanna lærar i 1970 og har vel i grunnen vore borti det meste innan skuleverket. Først som lærar i mange år både på ungdomsskulen, på Nærlandheimen skule og på Varhaug skule og seinare som rektor først på Bø skule og seinare på Motland skule. Seinare, på Sandnes, har eg også prøvd meg i skuleadministrasjonen så eg har vel sett skuleverket ifrå alle sider og har trivst svært godt der. Akkurat nå er eg ute av skulen og arbeider som personalrådgjevar i Sandnes Kommune og det er kan hende lurt å prøva noko anna ein periode. Så får me sjå kva framtida byr.

– Det går rykte om at du er i stand til å hugsa namnet på alle elevane du har hatt i alle desse åra, er det sant ?

Han smiler lurt og nikkar : — Eg trur jammen eg skal klara dei aller fleste. Det hender at eg må tenkja meg om ei stund, men det brukar å gå bra til slutt.

– Eit anna rykte seier at du har vanskeleg for å klara deg lenge utand fysisk aktivitet. Me har jo sett at du kjem syklande til Venstre-møta, så då er vel det også sant ?

– Ja, det er godt å røra på seg, men det har nok slakna med åra sjølv om eg ennå gjer eit ærleg forsøk av og til. Eg var aktiv orienteringsløpar på bedriftsnivå i mange år og har og vore med i idrettslaget i ei årrekkje, både som formann og som leiar av friidrettsgruppa. Men det er jo ikkje å forakta å sjå litt god idrett på fjernsynet heller, seier han med eit smil.

— Ellers er eg aktivt med i den lokale Lions-klubben og finn det ganske meiningsfylt å arbeida der.

– Du er opphavleg odelsgut frå Suldal, men bonde blei du ikkje ?

– Nei, det vart ikkje slik at eg overtok så garden gjekk til minstebror min. Men me har ei hytte i Suldal der me brukar mykje av fritida – du veit — alle fjordabuar på flate Jæren må ut og sjå nokre skogkledde fjellsider av og til for å passa på den mentale helsa, smiler han. — Ellers brukar me mykje tid på å dyrka samkvem med gode vener, både heime og på hytta.

– Du har ikkje vore aktiv politikar før, men samfunnsengasjert er du så det held. Kva er det du brenn mest for ?

– Eg er svært opptatt av nærmiljøet rundt oss, korleis me har det rundt oss i kvardagen betyr uendeleg mykje for både trivsel og miljø. Kunne me ikkje til dømes få i stand ei ordning der skuleelevar eller andre er med i ryddegjengar som held det reint og ryddig rundt oss ? Det vil både gjera det trivelegare rundt oss og i tillegg verka førebyggjande for dei som er med på dette. Og hvis skuleklassar eller andre fekk litt kompensasjon for arbeidet så ville det nok bli langt lettare å få det til. Kan hende for klassar som skal på skuletur eller liknande.

Ellers har jo Venstre i Hå ved fleire høve tatt opp dette med nærmiljøet vårt, både for å få laga sentrumsplanar, det å få huseigarane til å ta sin del av ansvaret med å gjera sentrum trivelegare og det å laga miljøgater i bustadfelta våre så dette er ikkje noko nytt. Og sakte men sikkert ser me at også andre parti tar opp desse tankane og arbeider vidare med dei. — Ellers er eg opptatt av miljøspørsmål generelt, av skular og eldreomsorg og av auka støtte til idrettslag og frivillige organisasjonar. Så eg vil gjerne inn i kommunestyret for å arbeida vidare med desse sakene.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**