Lesarbrev: Venstre vil ha “Toften” tilbake!

Etter at miljøvernleiar Egil Tofte gjekk av med pensjon for 4 år sidan har Hå kommune tydeleg lagt mindre vekt på miljøpolitikk. Oppgavene vart fordelt på fleire andre og ansvaret pulverisert.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Av: Jon Arne Silgjerd, 1. kandidat, Hå Venstre

Jon Arne Silgjerd

Jon Arne Silgjerd

Egil Tofte skal sjølvsagt få lov til å nyta sin velfortente pensjon, men Venstre meiner det må snarast tilsetjast ein ny miljøvernleiar i full stilling, direkte underlagt rådmannen og med ressurser til å gjera ein skikkelig jobb.

Kvifor er dette nødvendig ? Fylg meg på ei lita tankereise. – Hå er ein av landets fremste jordbrukskommunar. Kjernevirksomheten i Hå er matproduksjon i ei eller anna form. Vi produserer flotte matvarer her til store deler av landet, alt frå poteter og grønnsaker via fiskemottak og reker, melk og ost til alle slags kjøtvarer, med topp-produkta edelsvin, Jærskinke og Hå-kylling som spydspissar. I tillegg satsar kommunen knallhardt på å trekkja til seg ny næringsmiddelindustri i tillegg til den som vi allereie har — det er vel unødvendig å nemna stikkordet stormeieri her.

I ein slik kommune er det livsviktig for alle ledd, heilt frå kvar enkelt bonde eller fiskar opp til dei største produsentane at dei produkta dei sel vert oppfatta som sunn, trygg og god mat. Ingen ville vel kjøpa Hå-kylling eller Jærskinke hvis Hå kommune vart oppfatta som ein stad der det finst ureint miljø eller farlege utslepp. Det er heldigvis ikkje tilfelle idag og ei av dei viktigaste oppgåvene politikarane i Hå kan ha er å syta for at det blir slik i mange år framover.

Forbrukarane idag blir meir og meir opptatt av at maten skal vera sunn og god. Vi ser stadig eksempel i media på at mjølpakkar med larver i eller pølser med salmonella blir hengt ut til skrekk og advarsel. Slike oppslag vil vi for all del ikkje ha ifrå nokon produsent i Hå. Hovudansvaret for dette ligg sjølsagt hjå den enkelte produsent, men kommunen må ta ansvar for den overordna politikken på dette området. Difor er det viktig å plassera dette ansvaret tydelig hjå ein fast person i kommuneleiinga.
Egil Tofte gjorde ein kjempejobb på mange måtar så lenge han hadde denne stillinga. Venstre vil gjerne ha ein verdig etterfylgjar så snart som råd!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**