LUSTER – Bustad og frådelingspolitikk

Luster Venstre har støtta opp om målsetjinga i kommuneplanar om bustadfelt i “alle grender” og ledige tomtar i alle bygder . Luster Venstre meiner denne målsetjinga no er forelda og tenkje nytt med fokus på meir attraktive bualternativ, om vi skal få folketalet til å auke igjen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


I bygder med arealkonfliktar og behov for bustadfelt med fleire tomtar, må kommunen framleis ha aktiv planlegging tilrettelegging av nye felt. I staden for lite attraktive bustadfelt i "alle grender" så må ein heller sjå til område med lite produktive jordbrukseigedommar/ areal og gjennomføra liberal frådelingspolitikk med store tomtar. Dette bør Luster kommune ha som alternativ til bustadfelt, som i hovudregelen har småe tomtar og ikkje attraktivt nok i alle bygder.
I dag er behovet for nye bustadfelt i Gaupne, Hafslo og Solvorn og det er fleire enn meg som er frustrert over den trege framdrifta til kommunen si arealplanlegging som formannskapet/ Planutvalet har ansvaret for. Underteikna var mellom dei som etterlyste framdrifta i siste kommunestyret. I same møte oppmoda eg formannskapet/ Planutvalet om å sleppe til private initiativ til oppstart av detaljplanarbeid og utbygging av nye felt dersom dette ikkje openbart var i strid med drøftingane Planutvalet har hatt om arealbruk.
SP/KrF/V har i denne perioden fått gjennomslag for auka tilskot til spreidd busetjing (100.000 kr. pr. tomt) og at også dette gjeld for private utbyggarar av bustadfelt. Som resultat av dette er mellom anna eit fint bustadfelt på Nes under utbygging etter dei nye reglane. Slike stimuleringar vil Venstre arbeide for også i neste kommunestyreperiode.
På siste lokale årsmøte i vinter inviterte vi tilflyttarar til å fortelja om sine utfordringar og ønskjer som nye lustringar. Dette munna mellom anna ut i ei fråsegn til kommunestyret og formannskapet med oppmoding om tiltak for omsetning av mindre gardsbruk og større tomtar. Venstre er overtydd om at god marknadsføring og tilrettelegging av dette vil vera viktigare enn bustadfelt i bygder og område med svak busetjing. I staden for problem med avvikling/ redusert drift av gardsbruk så kan bygder få tilflyttarar som ikkje vi bu tett innpå kvarande i bustadfelt. Dette vil Venstre følgje opp !
I Forvaltningsstyret har Venstre ivra for liberal frådelingspolitikk, og har mellom anna godkjent store enkelttomtar opp mot 3,0 dekar og vesentleg større enn tilrådingar frå rådmann. Med dette får søkjarar oppfylt ønskje om ekstra plass til dyr og mindre næringsverksemd som ikkje eignar seg i bustadfelt med naboar tett innpå.
Venstre vil heller ikkje hindre frådeling av enkelttomt i bygder der kommunen aktivt tilrettelegg fleire bustadfelt, når dette ikkje skapar muleg framtidig arealkonfliktar. Forvaltningstyret hadde i vår ein vanskeleg søknad om frådeling av enkelttomt på ved Hafslo sentrum. Den omsøkte enkelttomta hadde tomtegrense til dyrka mark på tre sider og den fjerde til Hafslovatnet. I høve til kommunale og statlege føringar blei dette for konfliktfylt for Venstre og Forvaltningsstyret å støtte, men underteikna har gjeve råd til søkjar om mulege tomtealternativ som vil vera lettare å få godkjent.

Jon Ove Lomheim
1.kandidat Luster Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**