Sanning eller valflesk

Kampen om veljarane starta for alvor sist helg. I valkampopninga på Kleppestø vart det lova mangt og mykje, dersom berre det rette partiet kom til makta.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Atle Holgersen

Foto: Kari Østervold Toft

Blant anna skal alle få full råderett over eigedomane sine og få lov å byggja der dei vil. Det høyrest unektelig fascinerande ut. Men so er det no slik at vi har ein del lover og regler som må fylgjast, til dømes Plan og bygningsloven, vern av strandsona og ikkje minst kommunen sin arealplan.

I fylgje regelverket kan ein gje dispensasjon frå både det eine og det andre, men berre dersom det er særlege grunnar for det. Og dei grunnane skal vera meir enn gode for at fylkesmannen skal godta dei. Vi kan like det eller ikkje, men fylkesmannen har overprøvd dei lokale politikarane gong på gong, sjølv når ein samla komité har gått inn for dispensasjon. Det vil han gjere igjen, uansett kva ordføraren på Askøy kjem til å heite etter valet.

Sjølv om Venstre faktisk vil fjerna fylkesmannen nettopp fordi han er til hinder for det lokale sjølvstyre, so må vi ha lover og reglar å fylgje. Vi kan ikkje berre la det bli fritt fram å seie ja til alle byggjemeldingar. Vi må ta omsyn til både nabolag og fellesareal.

Venstre er veldig einig med dei partia som vil ta arealplanen opp til ny handsamming straks. Vi vil vera med å kjempa for å få meir areal for bustadbygging på nordre Askøy. Men eg er redd dette og kan bli ein kamp med fylkesmannen og dei sentrale myndigheitene, som ivrar for sentralisering og fortetting.

Fylkesmannen meiner faktisk at det er altfor mange framtidige bustadeiningar i arealplanen til Askøy. Skal ein få til meir bygging i nord, må ein kanskje ta ut byggeområde i sør. Kan hende fleire parti enn Venstre kan byrja å leika seg med tanken om kva for område det skal bli.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**