Kompetanseutvikling for tilsette i skulen

Krav om høg kompetanse for dei som jobbar innan skuleverket har ikkje vorte mindre med åra. I skulane våre blir det stadig større krav til faglig innhald.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Ål ungdomsskule

Foto: Ål kommune

Ål kommune har nyleg vedtatt ein plan for oppvekstsektoren der det heiter at " Skulen i Ål skal ha høge verdimål i sitt pedagogiske, sosiale og miljømessige innhald."
Politikk handlar om prioriteringar og Ål Venstre vil prioritere kompetanseoppbygging og fagleg oppdatering for tilsette i skulen i Ål.
For å få til dette vil Venstre auke løyvingane til kompetanseheving for tilsette i skulen.
Ei stemme til Venstre er med å styrke satsinga på skulane i Ål.

John Storhaug
listekandidat for Ål Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**