Lunken satsing på Bergensbanen i Senterpartiet

Senterpartilaga i Hallingdal skriv at dei ynskjer å satse på Bergensbanen.
Dei er skeptiske til planane om høgfartsbanar.
Dette burde alle dei politiske partia i Hallingdal ha ei meining om og arbeide for internt og inn mot partiorganisasjonane sine.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Jernbane, tog, skinner

Foto: Microsoft

Eg er samd med Senterpartilaga i at dette er viktig for Hallingdal.
Det oppsiktsvekkande og mest skuffande med SP-laga sitt innlegg om Bergensbanen, er at dei ikkje nemner Ringeriksbanen med eitt ord!
Ringeriksbanen vil åleine redusere reisetida med ein time!
Det desidert mest samfunnsøkonomiske jernbaneprosjekt som er planlagt nokon gong i Noreg.
Det kan vera grunn til å minne om strategisk plan for Hallingdal der eit av hovudmåla er å vidareutvikle Bergensbanen og arbeide for realisering av Ringeriksbanen.
På årsmøtet i Forum Nye Bergensbanen der kommunane langs denne banestrekninga møtest, var det semje om at Ringeriksbanen er det viktigaste av alle prosjekt.
Eit så stort prosjekt tek mange år frå endeleg vedtak til realisering, difor må dette arbeidet drivast kontinuerleg.
Største problemet for realisering av Ringeriksbanen no er at regjeringspartia ikkje er samde om trasévalet.
SV og Sp har lenge stått på det dyraste alternativet gjennom Åsa. Ap meiner ein trase om Kroksund som kostar ein milliard mindre er det rette. I vår signaliserte SV at dei synest ny Ringeriksbane er så viktig og miljømessig fordelaktig at dei kan gå for den billegaste traséen.
Det er Buskerud Senterparti som no må gå i seg sjølv og diskutere trasévalet på ny.
Viss Senterpartiet og ikkje minst senterpartilaga i Hallingdal verkeleg ynskjer å styrke Bergensbanen, må dei bidra til at regjeringspartia blir samde om bygging av Ringeriksbanen uavhengig av trasé — men ut ifrå lesarinnlegget har eg mine tvil.

Torleif T. Dalseide
1.kandidat for Ål Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**