Jærlandskapet har nasjonal verdi

Det sa Lars Sponheim då han gjesta Hå kommune i førre veke. Han peika på at jordvern og kommuneplanar fyrst og framst er ei kommunal oppgåve, men at det kan koma sterkare sentral styring om ein ikkje maktar å gjera jobben lokalt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Lars i Hå

Foto: Helge Solum Larsen

Lars Sponheim får støtte fra toppkandidaten i Hå Venstre, Jon Arne Silgjerd. Han viser til at det i framlegget til kommuneplan for Hå er lagt opp til at ein skal byggja ned 762 dekar fulldyrka jord og kulturbeite. Dette er i sterk strid med Venstre sin politikk.

Hå Venstre ønskjer at ein i staden skal satsa på å utvikla kommunikasjonane internt i kommunen, og dei har tatt til orde for ein “bybane” heilt til Egersund. Dette vil gjera dei meir attraktivt å busetja seg i den søre delen av Hå, meiner Jon Arne Silgjerd.

Han får støtte frå toppkandidaten til fylkesvalet, Jarle Braut frå Klepp.

— På denne måten sparar ein jordbruksjord, sier Jarle Braut. — Initiativet til ei slik løysing kom frå Hå Venstre, og det bør vera mogleg å realisera dette i løpet av ein seks sju år etter at dobbeltsporet Stavanger – Sandnes er ferdig, meiner Braut.

Han får støtte av Lars Sponheim som understrekar at det no er vilje til å bruka pengar på jernbaneutbygging i tilknytting til dei store byane. Etter Sponheim si meining er det nå Rogaland sin tur til å nyta godt av denne auka interessa for kollektivløysingar på skinner.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**