Kjære listekandidatar og Venstre-sympatisørar i Hå

Valget er over og vi må bare slå fast at vi klarte ikkje å nå målet i år
heller. Det er bare å ta av seg hatten for Nærbølista sitt resultat – kvar
tredje veljar i Hå har stemt på den og då blir det ikkje så mange stemmene
igjen å dela for oss andre…….

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Det har vel ingen hensikt å underslå at vi er skuffa. Vi har gjennomført ein
solid og eksemplarisk valgkamp og vist igjen langt meir enn alle andre
partier i kommunen (og i nabokommunane). Vi har vore konsekvente og
profilert lokale saker heile tida og alle sakene våre har vore om saker som
folk har meint er viktige.

I alle andre kommunar enn Hå så ville dette truleg ha ført til minst to
representantar i kommunestyret…… slik som resultatet blei i våre to
nabokommunar, Time og Klepp.
Vi har då også fått mange gode og positive tilbakemeldingar underveis og vi
er truleg andrevalget til halve Hås befolkning……. men sølvmedaljer er
sørgeleg uinteressante i eit valg.

Hvis vi skal prøva å sjå positivt på dette så er Venstre og Krf dei einaste
partia som har framgang i Hå. Alle andre parti – SV, AP, SP, H og FRP – har
tildels kraftig tilbakegang, mellom 2,1 og 6,4%, og stemmene går sjølvsagt
direkte til Nærbølista som går fram 15%. Det må jo bety at den valgkampen vi
har ført ikkje har vore heilt bortkasta, men resultatet er likevel for
dårlig.

Det betyr kort fortalt at vi får 4 år til i kvilestilling og så får vi ta
opp til ny vurdering i 2011 om vi skal stille liste på nytt. Mykje kan skje
i politikken på 4 år så den konklusjonen skal vi ikkje ta nå.

Uansett, takk for innsatsen og takk til dei som stemte på oss ! Vi som har
vore kandidatar har arbeidd utruleg godt i lag og for meg som 1.kandidat har
det vore veldig positivt å kjenna den støtten og entusiasmen som har kome
frå dei andre. Det har gjort denne valgkampen til ei positiv oppleving
uansett resultat lokalt.

….. og dessutan kan vi jo gleda oss over solid framgang i dei fleste andre
kommunar, på fylket og på landsbasis, så det er ikkje så ille å vera
Venstre-mann idag …… sånn reint generelt sett ….. 😉

Venleg helsing

Jon Arne Silgjerd
1. kandidat, Hå Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**