Årsmøte i Hå Venstre

Hå Venstre har hatt årsmøte og diskutert valkamp, valgresultat og arbeid framover. Venstre fekk eit skuffande valgresultat i Hå til tross for ein svært aktiv valgkamp.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Hovudårsaken til dette er nok at ein i Hå i praksis fekk eit direkte ordførarvalg, sjølv om kommunen ikkje har innført denne ordninga. Det viser da også tydeleg på valgresultatet til dei fleste partia.

Venstre var eit av dei få partia som gjekk fram og det er i allefall eit lyspunkt. I perioden fram til neste valg vil laget fortsetja å engasjera seg i lokale saker og i tillegg driva aktivt politisk arbeid på fylkesplan og i organisasjonen ellers.

Tom Henrik Rosseland

Tom Henrik Rosseland

Det nyvalde styret ser slik ut :

– Leiar : Tom Henrik Rosseland
– Kasserar : Mindor Ola Hatlegjerde
– Sekretær : Jon Arne Silgjerd
– Styremedlemmer : Anne Kathrine Edland, Oddvar B. Høyland og Albert
Moe.

Det vart vedteke to politiske uttalar frå årsmøtet om dobbeltspor og om vindkraft til havs og desse sakene vert også fremja til fylkesårsmøtet i Rogaland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**