Turistveg eller Turistvegring i Hå ?

Dei siste vekene har vi sett ein underleg debatt i Hå om eit såpass perifert politisk spørsmål som ein rasteplass på Hårr. Det nasjonale turistvegprosjektet – som ellers i landet blir varmt motteke — ynskjer å laga ein vakrare rasteplass langs riksvegen og har invitert til ein arkitektkonkurranse.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Av: Jon Arne Silgjerd

Etterpå er dei blitt utskjelt for å vilja rasera Jærstrendene, øydeleggja utsikten, leggja hindringar i vegen for grunneigarane og mykje meir.
Folk utanfrå som les dette kunne lett få inntrykk av at Håbuane er innadvendte einstøingar som helst ikkje vil ha turistar i det heile og i alle fall ikkje be dei stansa — det er farlig det.

Mindre underleg blir det ikkje når sentrale politikarar i Hå uttrykkjer stor bekymring for raseringa av landskapet rundt rasteplassen på Hårr — der det allereie går ein riksveg forbi – samtidig som dei ikkje har ein einaste innvending mot eit gigantisk vindkraftanlegg på Høg-Jæren der ein skal byggja 5 meter breie vegar og køyra kolonner av store lastebilar rundt i det mest urørte landskapet vi har. Forstå det den som kan.

Og debatten har ikkje har blitt mindre av at Jærbladet har valgt ei ganske einsidig vinkling av saka og konsekvent illustrert alle artiklar med det mest ekstreme forslaget til ny rasteplass, med ei stor rampe utover havet. Det forslaget juryen tilslutt har valgt, er eit stillferdig og elegant forslag som truleg vil bli eit smykke for riksvegen.

Turisme er, enten vi likar det eller ikkje, ei næring som er komen for å bli. Og sjølv om Hå i hovudsak lever av landbruket, så er det er vel ikkje slik at dei som har satsa på turisme har gjort noko gale? Det er vel ikkje verre å tena pengar på turistar enn å tena pengar på poteter?
Rogaland har nå i årevis satsa på å visa fram landskapet vårt så ubearbeidd som råd er. Å byggja ei perle av ein rasteplass kan bli ein god byggestein i ei slik satsing. Ein skokk med 150 meter høge vindmøller midt i utsikten frå Knudaheiå og Synesvarden er det stikk motsette.

Hå kommune har levd med Hå Gamle Prestegard som trekkplaster i over 20 år og nå er Obrestad og Kvassheim fyr i ferd med å bli det same. I tillegg har vi nokre av landets flottaste turområde både langs strendene, på Høg-Jæren og andre stader.
Er det ikkje snart på tide å trekkja hovudet opp frå åkeren og prøva å utnytta desse resursane positivt?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**