Giske Venstre i arbeid for vegløysing på Vigra

I kommunestyremøte tirsdag 04. mars, fremja Giske Venstre eit eige forslag om innstilling i saka om regulering av Ålesund Lufthamn, Vigra. Forslaget fall til fordel for forslag frå Knut Støbakk med 9 mot 14 stemmer.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Forslag frå Giske Venstre:
Kommunestyret godkjenner vedlagte KU.

Avinor vert beden om å utarbeide reguleringsplanen med vegløysing i to alternativ.

Giske kommunestyre presiserer at det eine alternativet skal innehalde ei løysing med vegkryssing av området i vest.

Det bør leggast til rette for vegtilkomst til flyplassterminalen frå sørvest — fylkesveg 135, og reguleringsplanen må ta omsyn til dette.

Ordskiftet
Ordskiftet i salen gjekk mykje på tolkinga av å bruke ordet “godkjend” i første linja. Mange av representantane var redde for å gå inn for denne ordlyden, då dei meinte at dette kunne bety at dei samstundes stilte seg bak ytringar og konklusjonar som Avinor har framstilt i teksten i konsekvensutgreiinga. Ordlyden vart etter fleirtalsvedtak deretter endra til “tek til vitande”.

Giske Venstre meinte at dette er ei avsporing, og at Giske kommunestyre ikkje skulle gjere anna enn å godkjenne arbeidet som Avinor hadde gjort i høve oppdraget i planprogrammet. Det er utbyggar som skal sørge for ei konsekvensutgreiing, og anbefalingar og ytringar som vert gjort der må då sjølvsagt stå for utbyggars rekning.

Giske Venstre meinte at kommunestyret burde seie i klartekst kva ein ønskjer som føresetnader i reguleringsarbeidet. Derfor var det rett for oss å fremje ei presisering av at det eine forslaget skal ha med ei løysing med vegkryssing av området i vest. Om løysinga blir kullvert eller omkøyring, er mindre interessant.

Ny veg til flyplassen

Svein Gjøsund

Foto: Ove Paulsen

Svein Gjøsund har fremja eit forslag med ny kryssing av Gjøsundet, og samankopling med ein utbetra sørestrandsveg, og med ny innkøyring til flyplassterminalen i enden av denne, mellom flyplassområdet og Subsea7 sitt anlegg. Denne løysinga har falle i god jord også utanom Venstre, og representantar i teknisk komité ga ros til løysinga i kommunestyret. Spørsmålet er om dei same representantane held fast på dette synspunktet heilt inn i handsaminga av kommuneplanen.

Giske Venstre meiner at det er rett å opplyse utbyggar om at trafikken ein gong i framtida kan kome frå sørvest, og ikkje aust som den gjer i dag. Dette kan vere ein konsekvens av rulleringa av kommuneplanen i Giske, og ei framtidsretta løysing som Giske Venstre har gått til val på. Vi meiner at det er framtidsretta planlegging av infrastuktur for heile regionen sin tilkomst til flyplassen, at ein kan køyre i eitt strekk mot flyplassen, meir eller mindre i 80 km i timen rake vegen mot terminalbygget.

Ny småbåthavn
Gjøsundbrua vart sett på fylket si prioriteringsliste over nye prosjekt etter orkanen i 1991. Deretter har ho av ein eller anna grunn falle ut av denne lista. Giske Venstre meiner at det er på høg tid med ei ny bru over Gjøsundet, og gjerne lenger vest, slik at området innanfor kan nyttast til ei stor småbåthavn, som det er eit stort ønske om på Gjøsund.

Gjennomtenkt arealforvalting
Giske kommune er ei attraktiv kommune å bu i, og med aukande tilflytting. Dette er ei gledeleg utvikling, men stiller samtidig store krav til kommunal planlegging. Giske Venstre meier at dersom eit samla kommunestyre vel å arbeide for ei ny vegføring til flyplassen, vil ein kunne utvikle attraktive næringsområder i Gjøsundmyrane, som i dag allereie har blitt tatt i bruk til industri. Samstundes vil ein då redusere trafikkbelastninga i Røysa og på Gjøsund, og kan gjere dette området om til eit attraktivt område for boligar. Det fins knappast meir sentralt område i heile kommuna i tida framover, då det tek omlag like lang tid med bil frå Ytterland til Gjøsundet, som det tek til framsida av Valderøya. Dette er ein viktig areal for kommuna som vi må forvalte fornuftig som den ressursen det er.

Skrinlegging av ny vegføring
Å bygge ein ny veg på nordsida, er eit billigare alternativ for Avinor, men kva tid var det Giske kommune sitt ansvar å spare pengar for utbyggarar i kommunen? Dersom F135 vert stengd no, blir den aldri opna igjen. Det vil også føre til at planane om ny vegføring til flyplassen truleg blir skrinlagde. Derfor var det også viktig at signala skulle sendast til Avinor, slik ein var samde om i Komite for tekniske saker, men dette forslaget fall då det skulle stemmast over det i kommunestyremøtet.

Giske Venstre vil halde fram arbeidet med ny vegføring til flyplassen, og for å halde oppe ei vegkryssing av området i vest for flyplassen. Dette meiner vi vil gi framtidsretta infrastruktur for heile regionen.

Sjå også:

Giske venstre vil ha fokus på veg!
Framtidsretta flyplassutvikling?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**