Kommentar: Vindkraft fra Jæren Energi — Skal vi tru på dette?

Jæren Energi AS høyres ut som eit seriøst selskap. Hadde vi ikkje visst betre ville vi trudd det var eit offentleg selskap på linje med Lyse eller Jæren Everk. Dette selskapet har søkt og fått konsesjon til å byggja 27 gigantiske vindmøller på Høg-Jæren.
Selskapet søkjer nå om å endra konsesjonen frå 27 til 32 vindmøller og i samband med dette dukkar det opp stadig nye opplysningar som stiller heile prosjektet i eit svært underleg lys, skriv Hå Venstres Jon Arne Silgjerd i denne kommentaren.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**


Selskapet bak søknaden er eit kapittel for seg. Bak det seriøse namnet skjuler det seg to enkeltpersonar frå Stavangerområdet som ikkje hadde verken kapital, kompetanse eller organisasjon til ei slik milliardsatsing. Trass i dette klarte dei å sjarmera og/eller lura ei rekkje grunneigarar, fleire politikarar, to kommunar og til sist NVE til å gi selskapet konsesjon.
Etterpå har desse to personane selt majoriteten av selskapet til eit stort japansk konsern, trass i at det faktisk vart brukt som eit poeng at det var eit norsk selskap som søkte. Japanarane klarer sikkert å gjennomføra dette prosjektet, men det einaste «norske» som då blir igjen er eit øydelagt kulturlandskap på Høg-Jæren og to rike enkeltpersonar i Stavanger.

Til den første søknaden var det laga såkalla visualiseringar, dvs. konstruerte bilete der vindmøllene er sett inn for å illustrera størrelsen. Det underlege med desse er at når den andre søknaden nå dukka opp med nye vindmøller, som skal vera 30 meter lågare enn dei opphavlege, så såg dei høgare ut enn dei første. Ei nærare samanlikning viste faktisk at vindmøllene på dei første illustrasjonane bare var halvparten så høge som dei burde vore. Så illustrasjonane i den søknaden som dette selskapet fekk konsesjon på er altså 50% feil. At dei i tillegg har manipulert nesten alle bileta slik at vindmøllene enten blir bortimot usynlige i eit grått skydekke eller sett frå så lang avstand at dei kun framstår i fyrstikkstørrelse kamuflert bak høyballar og tre viser i grunnen bare at dette ikkje er tilfeldig men tvert om gjort systematisk for at dette prosjektet skulle sjå ufarlig ut.

Så vart det lagt fram ei utgreiing frå eit antatt seriøst konsulentfirma over miljøkonsekvensane knytte til eit slikt anlegg. Denne konkluderte med at den einaste som ville få problem med dette var ein usedvanleg grå liten fugl som heiter sørleg myrsnipe. Denne er rett nok i fare for å bli utrydda, men det tok ingen omsyn til den gongen. Seinare er det kome fram at det finst ein større bestand av den største uglearten vår, hubro, i dette området. Denne er minst like utryddingstrua som myrsnipa. I tillegg finst det eit rovfugltrekk i dette område som ekspertane seier er "av nasjonal verdi". Men desse fuglane må ha vore for store til at Jæren Energi sine folk såg dei.
I tillegg vart selskapet pålagt av NVE å gjera ei tilleggsutgreiing av den sørlige myrsnipa, sjølv om den er liten og grå. I den nye søknaden hevdar dei å ha gjort dette. I ettertid viser det seg at det einaste dei har gjort er å lesa ein artikkel i eit fugleblad og kopiert eit par setningar frå ein artikkel der.

Kommunane der dette anlegget skal liggja får ingenting igjen for dette utanom eit uspesifisert løfte om eit såkalla "Miljøfond" viss dette prosjektet skulle bli svært lønsamt. Det er vel det næraste vi kjem til begrepet "knappar og glansbilete" i våre dagar.

Grunneigarane i dette prosjektet har signert på "slavekontraktar" på 50 år til halvparten av betalinga som andre tilsvarande prosjekt og som i tillegg ikkje kan reforhandlast. Og fleire av vindmøllene er plassert så nære nabogrensene at det kjem til å bli rettssaker om dette også undervegs.

Alt dette må gi grunn til å stilla ei rekkje alvorlege spørsmål ved denne saka. Desse folka har fare med fusk og fanteri frå første dag, lagt fram svært tvilsomme eller usanne opplysningar i søknadane, oppført seg ufint mot grunneigarar og naboar, unnlate å gjera dei utgreiingane dei vart pålagde — og så selt halve selskapet til Japan. Er det verkeleg slike selskap vi skal stola på til å byggja ut det flotte jærlandskapet?

Eller kanskje vi skulle stilla spørsmålet heilt på nytt igjen : Skal vi i det heile tatt byggja vindmøller i det flotte jærlandskapet? Det er ennå ikkje for seint å snu!

Jon Arne Silgjerd
Hå Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**