Kommentar: Sakleg og sakleg, fru Blom

Lesarbrevet mitt for ei vekes tid sidan om Jæren Energi og vindmøllene på Høg-Jæren må tydelegvis ha truffe nokre særdeles ømme tær. Reaksjonane frå vindkraftmenigheten har vore ganske kraftige og interessante, både kva dei seier og ikkje minst kva dei ikkje seier, skriv Hå Venstres Jon Arne Silgjerd.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

vindmølle

Foto:

Den første som ringte var ein av dei sentrale bakmennene til prosjektet på Skjæret. Innlegget hans skal eg ikkje referera her, det ville uansett ha blitt stroke av sensuren i Jærbladet. Utprega sakleg kan det ikkje kallast.
Så kom det eit lesarbrev frå grunneigar Hanne-Elise Lindal som alt i overskrifta skulda meg for å vera usakleg. Ho seier ikkje kvifor eg er usakleg anna enn at eg er kritisk til prosjektet. At grunneigarane er positive til prosjektet er vel i grunnen ikkje så underleg, dei får trass alt betalt for det. Så hevdar ho at all kritikken mot prosjektet har fått Jæren Energi til å diskutera betre vilkår for grunneigarane. Ja vel? Då kan ikkje eg forstå anna enn at ho burde vera glad for denne kritikken som i så fall vil gi henne meir kroner i lommeboka. Det gjenstår nå å sjå om japanarane verkeleg er villig til å driva filantropisk verksemd mot småbønder på Jæren når det kjem til stykket. Eg trur det ikkje før eg ser det.
Deretter ringte direktør Helvig i Jæren Energi / Norsk Vind Energi og ville ha eit møte for å oppklara alle misforståingane mine. Etter som dette nå er eit offentleg ordskifte om ei sak som er til politisk behandling i Jærkommunane så bad eg han om å svara offentleg slik at folk flest kan få gjera seg opp si meining.
Få dagar etter kjem det så eit storstilt lesarinnlegg der han også i overskrifta hevdar at eg er usakleg. Pussig korleis språkbruken i alle desse svarinnlegga liknar på kvarandre forresten, men eg skal ikkje spekulera meir i det. Innlegget til Helvig er interessant lesnad. Han insisterer først på at eg er usakleg, så klagar han over kor såra og vonbroten han vart over påstandane mine i det første innlegget. Men heile resten av innlegget hans er reint sjølvskryt. Han gjer ikkje eit einaste forsøk på å tilbakevisa dei påstandane eg set fram i mitt innlegg og som er grunnlaget for at eg hevdar dei har fare med fusk og fanteri.

Eg peikar m.a. på at måten dei såkalla forhandlingane med grunneigarane føregjekk på var i strid med alle råd frå t.d. Landssamanslutninga for Vindkraftkommunar og kompensasjonen til grunneigarane er halvparten av andre tilsvarande prosjekt.
Eg påviser direkte feil i visualiseringane deira — dei første bileta viser vindmøller bare halvparten så store som dei verkeleg er — og ein meir enn påfallande tendens til å gøyma alle vindmøllene i eit grått skylag eller bak kvite høyballar.

Eg peikar på at når denne konsesjonen vart gitt så hadde dette selskapet verken organisasjon, kompetanse eller kapital til å byggja ut eit milliardprosjekt. Norsk Vind Energi AS var ei firma med to tilsette på denne tida. At det igjen var eigd av to einmannsfirma som dei same personane stod bak gjer det vel strengt tatt ikkje større. Ikkje hadde dei erfaring frå slike utbyggingsprosjekt og ikkje hadde dei kapital til å gjennomføra det. Det skal meir til å driva eit utbyggingsprosjekt i milliardklassen enn å ha arbeidd nokre år i Statoil. Det viste seg då også like etterpå når dei selde majoriteten av selskapet til Japan, trass i at dei aktivt marknadsførte at det var eit norsk selskap som søkte konsesjon. At det skal vera så lett å få konsesjon frå NVE til å øydelegga det Jærske kulturlandskapet er etter mi meining skræmande. At dette selskapet i ettertid har tilsett eit par personar til og fått seg konsulentoppgåver i fleire u-land har lite med saka å gjera.
Då blir det blir litt vanskeleg å forstå at eg skal ha vore usakleg når han ikkje klarer å tilbakevisa ein einaste av mine påstandar.

Men det som undrar meg mest med alle desse reaksjonane er alle tilhengarane ser ut til å synast det er utidig at andre bryr seg om dette prosjektet. For ikkje å snakka om at vi vågar oss til å vera kritiske. Tja, er det eigentleg det. Vi hugsar vel alle debatten omkring høghuset på Bryne som har gått både lenge og vel. Dette prosjektet handlar om å byggja 32 byggverk i eit urørt naturområde som kvar er meir enn dobbel så høge som høghuset på Bryne. Og det på ein stad som er synleg frå meir eller mindre heile sør-Rogaland. Det er ei sak som i høgste grad angår fleire enn grunneigarane. At dette får lov til å skje utan større debatt enn det som har vore er i grunnen eit under.

Jon Arne Silgjerd
Hå Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**