SV svikter kunnskapsskolen

Spørsmål fra Borghild Tenden til statsråd Bård Vegar Solhjell: Et av de fem løftene til lærerne er mer fagkunnskap. Hvordan harmonerer dette med ikke å utvide lærerutdanningen til en femårig masterutdanning, og bare la 2 000 av 80 000 lærere få videreutdanning hvert år?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**

 Borghild Tenden tok opp etterutdanning for lærere i spørretimen.

Borghild Tenden tok opp etterutdanning for lærere i spørretimen.
Foto: Christoffer Biong

Her er svaret fra kunnskapsministeren:
Då eg overtok, hadde vi ei lærarutdanning som dessverre hadde betydelege svakheiter, som vi derfor har gjort omfattande endringar i. Ei av dei viktigaste endringane er nettopp å gi rom for ei større fagleg fordjuping for lærarane ved å dele i to løp. Fleire av lærarane, ikkje minst på ungdomstrinnet, vil ta sterkare fagleg fordjuping. I samband med det stiller vi òg krav om at ein skal ha fagkompetanse på ungdomstrinnet for å undervise i alle fag. Det er ei omfattande styrking av den sida, samtidig som det gir meir rom for å styrkje den sida som går på leiing — det å faktisk forstå det som skjer blant elevane i klasserommet.

Vi hadde heller ikkje eit varig system for vidareutdanning. Vi har hatt omfattande satsing på etterutdanning i samband med Kunnskapsløftet. For første gong har vi no eit varig system som gir fleire tusen lærarar moglegheit til å ta vidareutdanning. Det er ikkje satsinga i tal som er den store utfordringa der. Problemet er at vi har hatt ein rekrutteringssituasjon der vi slit med å få vikarar nok til at sjølv så få som eit par tusen kan ta vidareutdanning. Derfor må vi auke dette i det tempoet som rekrutteringa til læraryrket toler.

Her kan du lese mer om skolepolitikken til Akershus Venstre
Her finner du mer informasjon om Borghild Tenden

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**