-Kvifor har Bamble passert oss på prioriteringslista, spør Jan Kløvstad

– Eg er uroleg for trafikken på E18 mellom Tvedestrand og Arendal, sa Venstres Jan Kløvstad i formannskapet torsdag. I samband med diskusjon om ein imponerande gjennomarbeidd og konstruktiv plan for trafikktryggleik i Arendal kommune, tok han opp at det dagen før var enda ei ulykke ved Nesheim skole.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**


Også denne gangen handla det om noen som skal svinge over vegen ved ein av dei 161 avkøyringane mellom Stølen og Rømyr, ein bil bak som ikkje klarer å bremse og i dette tilfellet også om at den første bilen blei slengt over i motsett køyrefelt og kolliderte med møtande bil.

E18 Haslestad

Foto: Jan Kløvstad

– Eg verken vil eller kan ta stilling til kva og kvifor og kven som har skuld i denne ulykka, men eg vil peike på kor farleg strekninga er, sa Kløvstad. – Derfor er eg særleg uroleg når eg kan lese i Aftenposten om E18 mellom Arendal og Tvedestrand med “start mot slutten av perioden 2010-2019”. E18 gjennom Bamble stod i følgje fagfolka våre i fylkeskommune og vegvesen langt etter oss på prioriteringslista i regjering og vegdirektorat. Men i Aftenposten blir det nå vist til at Vegvesenet har lytta til signala frå regjering og den offentlege debatten og bestemt seg for at “E18 Langangen—Dørdal, nær Kragerø: Forseres kraftig i forhold til tidligere planer. Start aktuelt i 2013, avhengig av bompenger.”

I mange år har vi kjempa for trygg veg, og eg er veldig glad for at det blir tryggare i Bamble. Det gjer også vegen til Oslo tryggare for oss sørlendingar. Men eg vil peike på at det er ein årsdøgnstrafikk på meir enn 11 500 gjennom Austre Moland, mot 9 980 gjennom Bamble. Det er berre 119,25 m mellom kvar avkøyrsel hos oss, og dessverre ille også mellom Dørdal og Rugtvedt med 200 meter mellom kvar avkøyrsel. Men kva er grunnen til at i – med meir trafikk kvar dag heile året og særleg på sommaren – blir ståande i køen, mens Bamble går forbi oss?

Bamble godtar bompengar og det er særleg nemnt frå Vegvesenet i Aftenposten. Det har også eit solid fleirtal i Arendal bystyre og eit samrøystes Tvedestrand kommunestyre vedtatt å godta. Kva skjer? spurte Jan Kløvstad, og bad om at det straks må vere møte mellom vegvesenet, fylkeskommunen, Arendal og Tvedestrand kommunar. Han har også bedt om eit slikt møte både i e-postar og aviskronikkar sidan dagen etter at regjeringa la fram Nasjonal transportplan 2010-2019 for å følgje opp og auke presset på regjering og storting.

Ordføraren delte Venstres uro og lova å be om eit møte slik Venstre foreslår ein av dei første dagane.

Les meir i Aftenposten.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 15 år siden.**